Barnehage

Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Oppdatert 12.03.2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.03.2019

Ny fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen

Barnehagen bør legge til rett for minst tre faste måltid om dagen, god tid til å ete og sikre at det er nok frukt og grønt på menyen. Dette er nokre av oppmodingane som Helsedirektoratet gir i den nye faglege retningslina «Anbefalinger for mat og måltider i barnehagen».


Publisert 27.02.2019

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Dersom barn treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, må kommunen sikre at barna får eit eigna individuelt tilrettelagd tilbod etter barnehagelova § 19 g.


Publisert 19.02.2019

Barnehagestatistikk 2018

Fleirtalet av dei som får spesialpedagogisk hjelp er gutar, det arbeider fleire vaksne i barnehagen, og det er fleire minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Dette er noko av det som kjem fram i tal og analyse av barnehagar for 2018.


Publisert 28.01.2019

Endra reglar for opptak i barnehage

Barnehagelova §12 a om at kommunen skulle ha minimum eitt opptak i året blei fjerna våren 2016. Som følgje av dette blei sakshandsamingsreglar  for opptak i barnehage endra  frå 1. januar 2019.


Publisert 22.01.2019

Reglar for tilskot til drift av godkjente ikkje-kommunale barnehagar

Kommunane si fastsetjing av tilskotssatsar er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette stiller krav til kommunen si sakshandsaming.


Publisert 10.01.2019

Sikkerheit i barnehagar

Vi har fått fleire spørsmål om regleverket om sikkerheit i barnehagar. Vi har samla noko informasjon her, som vil vere nyttig for barnehageeigarar og tilsette i barnehagar.