Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2022
Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2022 har vi gjennomført 28 tilsyn.
Publisert 20.12.2022
Statsforvaltaren vel kommune og tema på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2022 har vi ført tilsyn med følgande tema:
- Spesialundervisning
- Eleven sitt utbytte av opplæringa
- Alternativ opplæringsarena
- Skulemiljø
- Grunnskuleopplæring for vaksne
- Spesialpedagogisk hjelp
- Individuell tilrettelegging i barnehage
- Skulebasert vurdering
- Gratisprinsippet i skulen
- Meldeplikt til barnevernet
- Introduksjonsprogrammet
I alle tilsyna vi har gjennomført har vi funne brot på regelverket. Når Statsforvaltaren finn at kommunen ikkje har ein lovleg praksis blir dei pålagde å endre denne praksisen. Alle tilsynsrapportane er offentlege og blir lagt ut på i den nasjonale tilsynskalenderen.