Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.12.2020

Hettemåkene på Måkeholmen

Har du lagt merke til det yrande fuglelivet rundt Mosvatnet på søndagsturen din? Naturvernforbundet og Stavanger kommune har dei siste 10 åra rydda hekkeareal. Fleire hettemåkeungar enn nokon gong har blitt ringmerka på Måkeholmen. I 2020 hadde Mosvatnet med Måkeholmen den største hekkebestanden av den rødlista hettemåka.


Publisert 07.12.2020

Naturarven - kartlegging av insekt i Sokndal

Det er stor global merksemd på skremmande tap av insektslivet. I Noreg har vi truleg ikkje like store tap av dei livsviktige insekta som i nokre andre land. Insekta er særs viktige for at økosystema skal fungere godt, til dømes for omsetting av avfall og næring, plantebestøving og fugleliv, og sjølvsagt for landbruksproduksjon.


Publisert 26.11.2020

Viper i Randaberg og Stavanger 2020

Vipe er ein sterkt trua art som slit med overleving og ungeproduksjon. Det er fleire årsakar til dette, men arealendringar og arealbruk har stor negativ verknad for ungeproduksjon spesielt.

Rogaland er framleis eit kjerneområde for viper i Noreg. Vi støtter difor aktive tiltak, i første rekke knytt til landbruk, men også med årleg kartlegging av vipe i utvalde kommunar. Saman med Stavanger kommune har vi i 2020 fått hjelp til kartlegginga av konsulentane Kjell Mjølsnes og Tor Audun Olsen. 


Publisert 02.10.2020

Ny internasjonal avtale om naturmangfald

I førekant av FN-konferansen i oktober, underteikna statsleiarar ein erklæring om artsmangfald. Noreg og 63 andre land forpliktar seg til ei rekke miljøverntiltak fram mot 2030.


Publisert 24.04.2020

Kartlegging av natur i Rogaland 2020

I mai vil Miljødirektoratet starte kartlegging av naturtypar for utvalde område i Rogaland. Biologer frå Ecofact Sørvest vil kartlegg utvalde område, medan Miljøfagleg Utredning og Natur og Samfunn vil kartlegge innanfor einskilde verneområde.


Publisert 23.03.2020

Ikkje brenn lyngheia di no!

Fylkesmannen i Rogaland åtvarar på det sterkaste mot lyngbrenning denne våren. Grunnen er at villbrannar ikkje kan utelukkast, og om uhellet er ute vil det tappa samfunnet for ressursar som trengs andre stadar i desse korona-tider. Vi ber difor alle som planlegg utmarksbrenning no å følge råd frå brannvesenet og aller helst utsetje lyngbrenninga til hausten. Dei fleste kommunane i Sør-Rogaland har framskunda det generelle bålforbodet til 26. mars, og det blir vurdert i resten av fylket.


Publisert 18.03.2020

Plangruppa arbeider og frå heimekontor

Arbeid med innspel til planar etter plan- og bygningslova held fram som normalt med saksbehandling frå heimekontor. Me reduserer den fysiske møteverksemda og tar i bruk digitale verktøy som Skype og Teams eller telefonmøter for nødvendig dialog, både internt og med kommunar, Rogaland fylkeskommune og andre statlege etatar.


Publisert 24.02.2020

Vis omsyn til villrein i vinterfjellet!

Me ber alle skituristar i vinterfjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av dyra.


Publisert 07.01.2020

Tilskot til trua naturtypar og artar og framande, skadelege organismar – Søknadsfrist 15. januar 2020

Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar som ynskjer å gjera ein innsats for å ta vare på våre trua artar og naturtypar i 2020, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak i Elektonisk søknadssenter (ESS). Men ver rask - Fristen er 15. januar! Sidan midlane er avgrensa, er det viktig at dei som har høve til å søka på miljøtilskotsordningane i landbruket, nyttar desse.


Publisert 05.12.2019

Naturtypekartlegging etter Miljødirektoratet sin instruks 2020

Fylkesmannen i Rogaland har levert inn forslag til områder som kan kartleggast i 2020. Nå ber Miljødirektoratet om innspel til desse områda.