Strategiske satsingsområde

Statsforvaltaren i Rogaland har hundrevis av oppdrag frå departement og direktorat. I tillegg vel me ut nokre satsingar som me skal jobba tverrfagleg med over tid. 

Sist endra 29.03.2022

Berekraftige velferdssamfunn

I tiåra som kjem blir det færre i yrkesaktiv alder for kvar pensjonist. Utviklingsoppgåvene våre innan helse- og velferdsområdet skal bidra til at kommunane kan løysa oppgåvene på nye måtar.

I vårt fylke må me klara det grøne skiftet samtidig som offentleg sektor må omstilla seg i møtet med stadig fleire eldre - og færre i yrkesaktiv alder. Det er ikkje mogleg å løysa helse- og omsorgsoppgåvene på same måten som i dag, og me må bli flinkare til å førebygga i staden for å reparera. Det krev at me tenker folkehelse på tvers av sektorane.

Klima

Det neste tiåret må samfunnet gjennom ei klimaomstilling for å redusera klimagassar i atmosfæren – og førebu og tilpassa samfunnet til eit klima i endring. 

Me er eit fylke med ei stor landbruksnæring som ønsker å dyrka meir. Samtidig er det høgt press på matjorda fordi ein ønsker meir areal til mellom anna ny industri og bustader. Vekst over fleire tiår har gjort at naturmangfaldet er trua. Få plassar i landet kjem derfor sterke nasjonale omsyn så tydeleg i konflikt med kvarandre som her. Lukkast ikkje Rogaland, så lukkast ikkje Noreg.

Statsforvaltaren skal bidra til å redusera klimautslepp og tilpassa samfunnet til eit endra klima i alle rollene våre, spesielt som rådgivar overfor kommunane og i arealplanlegginga. 

Barn og unge

Målet er at alle barn skal oppleva eit godt og inkluderande oppvekst-, leike- og læringsmiljø, og få oppfylt rettane sine etter FNs barnekonvensjon. 

Barn og unge er framtida for fylket vårt, og det viktigste me kan gjera er å gi dei ein god start i livet. Rogaland er det fylket som har den høgaste andelen unge som fullfører vidaregåande utdanning. Det gode arbeidet må halda fram.

Godt tverrsektorielt samarbeid er viktig for å fanga opp barn og unge som har, eller får, behov for hjelp, og for å gi samordna hjelp til desse. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.