Postjournal

Offentleglova gir alle innsynsrett i alle offentlege dokument. Desse dokumenta skal førast i ein journal, slik at alle som vil, kan få oversikt over dei. Journalen vert lagt ut etter at opplysningane er kvalitetssikra med omsyn til personvern og krav til offentleggjering.

Merk

I ferietider kan det ta noko lenger tid før saker kjem i offentleg elektronisk postjournal (eInnsyn).

Personvern

Statsforvaltaren behandlar kvart år mange saker som av ulike grunnar er unnatekne frå offentleg innsyn. Saker som er unnatekne offentleg innsyn, er merkte med den lovheimelen som er brukt.

Enkeltsaker som du kan be om innsyn i

Ein del journalinnføringar kan etter offentleglova § 27 og forskrift av 17. oktober 2008 nr. 1119 § 9 unntakast frå offentleg journal. Dette gjeld mellom anna saker om separasjon, skilsmisse, biologisk opphav, barnefordeling, samværsrett og enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, helselovene og verjemålslova.

Enkeltsaker som gjeld fritt rettsråd, fri sakførsel og førarkort utgjer i overkant av 13 200 dokument i året. For å gjere journalen meir oversiktleg, har vi valt å ikkje leggje ut desse. Du kan kontakte oss på sfropost@statsforvalteren.no om du vil ha tilgang til desse saksområda.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktinformasjon

Lovverk