Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.08.2014

Rapport om kartlegging av kaldvasskorallar Sandsfjorden

Det er registrert rødlista korallar på 4 av 10 undersøkte lokalitetar i Sandsfjorden. Norsk Stein AS på Berakvam har fått undersøkt havbotnen ved ulike lokalitetar.


Publisert 07.07.2014

Naturtypekartlegging og kartlegging av regnskog sommaren 2014

Fylkesmannen gjennomfører sommaren 2014 naturtypekartlegging i hovudsak i Suldal og i Haugesund. Miljødirektoratet kartlegg dessutan regnskog i dei fuktigaste delane av fylket.


Publisert 23.06.2014

Nytt miljøvedtaksregister

Forvaltninga og folk flest har fått eit nytt verkty som gir betre tilgang til informasjon om vedtak innan rovvilt, områdevern, utvalgte naturtypar, utsetting av utanlandske treslag og artsfredning.


Publisert 29.04.2014

Midlar til skjøtsel av 2000 da viktig kystlynghei og slåttemark

Fylkesmannen har fordelt drygt 1,6 millionar frå Miljødirektoratet til kulturlandskapstiltak. Størstedelen går til skjøtsel av den sterkt trua kulturmarkstypen kystlynghei der Rogaland har dei største areala som er kartlagt og under skjøtsel.


Publisert 15.04.2014

Villminken fjerna frå viktige verneområde for sjøfugl

Store viktige sjøfuglområde i Rogaland er no rydda for mink. Fylkesmann og fleire kommunar har saman med frivillige hatt eit stort fokus på å fjerna villmink frå prioriterte område.


Publisert 21.03.2014

Ei usikker framtid for vipa?

Jærkommunane Time, Klepp og Hå er saumfart for hekkande viper, den fyrste totalteljinga av sitt slag. Her finn ein truleg den største samlinga av hekkande viper i landet, - og Klepp er klart den viktigaste kommunen.


Publisert 21.03.2014

Oppdatert status for inngrepsfri natur i Rogaland

Miljødirektoratet har med god hjelp frå kommunane og fylkesmennene oppdatert statusen for inngrepsfri natur i heile landet pr 1. januar 2013. I Rogaland fekk 46 kvadratkilometer ein dårlegare status samanlikna med 2008. Årsaken til fråfallet er om lag likt fordelt mellom skogsvegar og vasskraftutbygging.


Publisert 20.01.2014

Nye og betre naturtypedata

Datasettet "Prioriterte naturtypar" er ofte det viktigaste for vurdering av arealsaker etter Naturmangfaldlova. For fleire skjøtselsavhengige naturtypar finst det og tilskotsordningar både i landbruket og frå Miljødirektoratet for den som gjer ein aktiv innsats for å ta vare på dei. Kvaliteten på dette datasettet er nå heva gjennom nye kartleggingar, særleg i kommunane Sandnes, Randaberg, Hjelmeland, Forsand og Lund.


Publisert 14.10.2013

Nettkurs i naturmangfaldlova

På nettsidene til Miljødirektoratet kan tilsette i kommunar og andre interesserte ta e-læringskurs om kapittel 2 i naturmangfaldlova. Kurset handlar om kva krav som blir stilt til offentlege avgjerder gjennom naturmangfaldlova.


Publisert 24.06.2013

Naturtypekartlegging og kartlegging av kystfuruskog sommaren 2013

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2013 naturtypekartlegging i hovudsak i Sola, Time, Hå, Gjesdal, Tysvær og Eigersund ved hjelp av konsulentane Ecofact og Biofokus sommaren 2013.