Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.05.2015

Kystlynghei har blitt utvald naturtype

Regjeringa har vedteke at naturtypen kystlynghei får status som utvald naturtype. Dette tyder at det skal leggast auka vekt på å ta vare på naturtypen gjennom berekraftig bruk. Dette er eit særleg viktig og positivt vedtak for Rogaland.


Publisert 16.04.2015

Marin naturtypekartlegging i Rogaland 2012-2015

Prosjektet "marin naturtypekartlegging i Rogaland" vart starta opp i 2012, og er no avslutta. Tysdag 14. april markerte Fylkesmannen i Rogaland dette ved å halde avslutningsmøte i Statens hus. 


Publisert 26.03.2015

Følg oss på Miljøstatus

Dagens tema på nettsidene Miljøstatus er nye miljøutfordringar i Europa. Skal du på påsketur eller nyte fridagane heime? Det kan vere lurt å kikke på Miljøstatus-kartet kva naturen i området har å by på.


Publisert 12.03.2015

Ny brosjyre om våtmarkene i Rogaland

Våtmarker er område med myr, vatn og grunne sjøområde. Her er det stor biologiske produksjon og mange sjeldne artar. Sjå kart og omtale av verna våtmarksområde i brosjyra som no finns både på norsk og engelsk.


Publisert 06.03.2015

Sniktitt på den nye raudlista 2015

Artsdatabanken lanserer den nye raudlista mot slutten av 2015, men allereie no kan du gå inn å sjå på dei førebelse resultata.


Publisert 25.02.2015

Nye funn av den trua elvemuslingen i Strand

Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.


Publisert 19.12.2014

Tilskot 2015 til å ta vare på kystlynghei, haustingsskog, slåttemark og anna trua natur

Fristen for å søkje om midlar frå Miljødirektoratet for å ta vare på kystlynghei og andre trua naturtypar er 15. januar 2015. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.


Publisert 12.12.2014

Stort oppmøte på kurs i naturmangfaldlova

Fleire deltakarar frå kommunar, miljøkonsulentar og statlege etatar hadde møtt fram for å lære meir om naturmangfaldlova.


Publisert 02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.


Publisert 27.08.2014

Høyring revidert forvaltingsplan Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Verneområdestyret for verneområda har lagt ut forslag til forvaltingsplan til offentleg ettersyn med frist til 1. november i år.