Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.06.2013

Tilskot til tilpassa drift på økologisk funksjonsområde for svarthalespove

Fylkesmannen vil oppmode alle grunneigarar som har hekkande svarthalespove på sin eigedom til å søke om tilskot til å ta vare på den truga fuglearten. Svarthalespoven hekkar i graseng, og tilskotet skal sikre at hekkeområdet får vere i fred for slått og anna aktivitet fram til 5. juli. Svarthalespoven er særskilt beskytta gjennom Forskrift om svarthalespove (Limosa limosa) som prioritert art.


Publisert 02.05.2013

Seminar nytt forskningsprosjekt villrein Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane

Verneområdestyret for landskapsvernområde Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, arrangerer seminar om forskningsprosjekt på villrein fredag 14. juni på Sølvgarden hotell på Rysstad.


Publisert 29.04.2013

Kartlegging av store hole eiker

Store hole eiker er ein eigen naturtype. Det er vel kjent at det på gamle eiketre veks mange raudlisteartar, mosar og lav. Men det er særleg  raudlista biller og sopp som er knytte til slike tre.Fylkesmannen kartlegg hole eiker og ønskjer no innspel om kvar dei finst. Dette kan gjerast på fleire måtar.


Publisert 03.01.2013

Sjekk miljøet der du er

Kart er no tilgjengeleg via App’en ”Miljøstatus kart” utvikla av Klif for iPhone, iPod touch og iPad. Her finn du informasjon om dyr, plantar, kulturminne, forureining og naturtypar som er kartlagt i nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.


Publisert 11.12.2012

Vil du ha melding om miljønyheiter?

Du kan velge å bli varsla om nye oppslag på nettsidene våre. Tenesta er enkel å bruke og du kan endre vala dine så ofte du vil, når det passar deg.


Publisert 26.11.2012

Kartlegging av marine naturtypar er godt i gang i Rogaland

Måndag 5. november var representantar frå kommunar, Rogaland fylkeskommune, fiskeridirektoratet og Fylkesmannen samla i Statens Hus for å få ein oppdatering på kartlegginga av marine naturtypar som for tida går føre seg i fylket.


Publisert 24.10.2012

Romsa sikra for allmenta


Publisert 02.07.2012

Naturtypekartlegging og kartlegging av verna område sommaren 2012

Det vil i sommar gå føre seg fleire typar naturkartlegging i fylket. Tid for kartlegging vil vera avhengig av framdrifta i arbeidet, vær m.m. Vi vil derfor orientera grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.


Publisert 01.02.2012

Ny rettleiar til naturmangfaldlova

Miljøverndepartementet har laga ein rettleiar om korleis omsynet til økosystem, naturtypar, planter og dyr skal vegast mot andre viktige samfunnsinteresser.


Publisert 15.09.2009

Vern av marin natur

Arbeidet med Nasjonal marin verneplan er nå i gang for 17 utvalde område i heile landet. I mange år har ein arbeidd med verneplanar på land for å sikre eit representativt utsnitt av naturen. Nå startar tilsvarande arbeid for å beskytte viktige marine naturtypar.