Midlar til skjøtsel av 2000 da viktig kystlynghei og slåttemark

Fylkesmannen har fordelt drygt 1,6 millionar frå Miljødirektoratet til kulturlandskapstiltak. Størstedelen går til skjøtsel av den sterkt trua kulturmarkstypen kystlynghei der Rogaland har dei største areala som er kartlagt og under skjøtsel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.04.2014

Tilskota i år gjeld til saman nær 19600 da. Desse heiane som har dominert vestre delar av fylket i over 2000 år er viktige for raudlisteartane klokkesøte, purpurlyng og hubro.

Midlane går dels til å setja i stand forfallne heiar under tilgroing, dels til inngjerding for å koma i gang med skjøtsel, dels til den årlege drifta i samsvar med skjøtselsplan med gjødlingsfri, ekstensiv beiting og brenning. Skjøtselsplanane stimulerer til trygg brenning i vinterhalvåret i nært samarbeid med brannvesenet og reduserer arealet med brannfarlege område med høg einer, gammal lyng og mykje tørt gras.

Det er vidare løyvt midlar til eit prosjekt for å motivera til ei betre utnytting av denne typen utmarksbeite i rogalandsjordbruket. Midlane går elles til slått i samsvar med skjøtselsplan av 6 slåttemarker med natureng. Desse utgjer rundt 40 da. Her finst raudlisteartar som jærtistel og solblom. Dette er ei vidare oppfyljing av nasjonale handlingsplanar for desse kulturmarkstypane.

Tilskotet frå Miljødirektoratet blir sett i samanheng med tilskotsordningane i landbruket for å supplera desse. Regionalt miljøprogram og SMIL- tilskota omfattar vesentleg større område og når vidare ut, og er avgjerande for at landbrukssektoren skal nå målet sitt om å produsera både kulturlandskap og kjøt av høg kvalitet. Desse tilskotsordningane stimulerer til frivillig vern i kulturlandskapet, ein parallell til den auka innsatsen frå regjeringa på frivillig skogvern.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.