Oppdatert status for inngrepsfri natur i Rogaland

Miljødirektoratet har med god hjelp frå kommunane og fylkesmennene oppdatert statusen for inngrepsfri natur i heile landet pr 1. januar 2013. I Rogaland fekk 46 kvadratkilometer ein dårlegare status samanlikna med 2008. Årsaken til fråfallet er om lag likt fordelt mellom skogsvegar og vasskraftutbygging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2014

Kvart 5. år sidan 1998 har Miljødirektoratet (tidlerare DN) gjennomgått status for norske naturområde som er utan større tekniske inngrep.

Inngrepsfri natur blir klassifisert etter avstand frå næraste inngrep i 3 gruppar: Sone 2 (1-3 km frå inngrep), sone 1 (3-5 km frå inngrep) og villmarksprega areal (meir enn 5 km frå inngrep). Meir om metodikk for kartfesting av inngrepsfri natur kan du lese her.

Dei landsdekkande resultata er oppsummert i Miljødirektoratet sin artikkel om statusoppdatering for INON.

I vedlegga finn du meir informasjon om kommunevise arealendringar i siste 5-årsperiode i tabell, og eit fylkeskart som syner status for INON i dag og endringar sidan 1998.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

INON - inngrepsfri natur

Område som ligg 1 kilometer eller meir frå tyngre tekniske inngrep som vegar, store kraftliner, jernbane og vassdragsutbygging.

Villmarksprega natur er område som ligger 5 kilometer eller meir unna slike inngrep.