Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 11.05.2016

Fagdag om utmarksbeiting og kystlynghei

Haugaland landbruksrådgjeving arrangerer til fagdag på Park Inn hotell, ved Haugesund lufthamn Karmøy den 3. juni 2016. Det blir lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta, og skjøtselserfaringar frå dei siste åra blir oppsumert. 


Publisert 10.05.2016

Villreinmøter i Åseral og Hjelmeland

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder med samarbeidspartnere holder åpne villreinmøter i Åseral 23. mai og i Hjelmeland 24. mai.


Publisert 02.03.2016

Lokal høyring av forvaltningsplanen for Linemyra

Forvaltningsplanen for Linemyra naturreservat i Time kommune er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 29. april 2016.


Publisert 19.02.2016

Utvidig av Hålandsdalen naturreservat

Vi melder med dette oppstart av frivillig verneprosess for å utvida skogreservatet Hålandsdalen i Erfjord i Suldal kommune. Svarfristen for merknader til oppstartmeldinga er 18. mars 2016.


Publisert 07.01.2016

Tilskot til trua artar og naturtypar i 2016

Privatpersonar, organisasjonar og kommunar som vil gjera ein innsats for å ta vare på trua artar og naturtypar i 2016, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak. Men ver rask, fristen er 15. januar.


Publisert 27.09.2015

Relansering av Miljøstatus i Suldal

Nettsida Miljøstatus i Suldal blir i dag relansert i ei ny og moderne utgåve. Målet er gi samla, oppdatert og brukarvennleg informasjon om natur, friluftsliv, miljø og kulturminne i kommunen.


Publisert 06.07.2015

Informasjon om naturtypekartlegging i Rogaland sommaren 2015

Vi gjennomfører sommaren 2015 naturtypekartlegging i hovudsak av kystlynghei i heile fylket, men og av store eiker, skog og andre naturtypar. Tidspunkt for kartlegginga er avhengig av framdrifta i arbeidet, været m.m. og vi orienterer difor grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.


Publisert 22.06.2015

Forbod mot fleire planteartar frå årsskiftet

Framande artar av mange slag truar naturmangfaldet, både på land, i sjø og i vassdrag. Frå 1. januar 2016 vert det forbod mot salg av m.a. rynkerose, gullregn og fleire lupinartar.


Publisert 03.06.2015

Dvergålegras har blitt prioritert art

Fredag 29. mai 2015 blei dvergålegras ein prioritert art etter naturmangfaldlova. Dette betyr at det bl.a. blir forbod mot å fjerna eller plukka den. Det betyr og at det vil måtte leggast strengare restriksjonar på utbygging og tiltak som truar dvergålegras.


Publisert 26.05.2015

Småsalamanderen trivast på Randaberg

Den vesle dammen ytterst på Vistnes på Randaberg var nær ved å gro igjen. Det var dårleg nytt for småsalamanderen, som levde i dammen. I vinter vart dammen reinska og utvida, for å sikre tilstrekkeleg vatn i mange år framover.