Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.03.2018

Vis omsyn til villrein i påskefjellet!

Me ber alle skituristar i påskefjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av drektige simler.


Publisert 13.03.2018

Påvekst på eikestammar i Stavanger og Sandnes

I samanheng med kartlegging av den utvalde naturtypen store/hole eiker blei det i 2015 notert og samla påvekst på 50 stammar over 200 cm i Sandnes og Stavanger kommunar.


Publisert 23.11.2017

Informasjon til lyngbrennarar i Rogaland

Friviljuge lyngbrennarar dannar eit brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i/på Strand, Vikeså, Helleland og Gjesdal, 27-29 november.


Publisert 09.11.2017

Tilskotsordningar 2018 for naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og klima

Klima- og miljødepartementet har publisert nytt rundskriv om tilskot til ulike tiltak som skal betre miljøtilstanden i Norge. Organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar kan søke. Rundskrivet gir orientering om kva tilskotsordningar som er opne for søknad. 


Publisert 09.10.2017

Informasjon om utvalgt naturtype slåttemark i Rogaland

Grunneigarar vil om kort tid få tilsendt informasjon om korleis ein best kan ta vare på den utvalde naturtypen slåttemark.


Publisert 07.09.2017

Informasjon om utvalt naturtype - Hol eik

Grunneigarar vil om kort tid få tilsendt informasjon om korleis ein best kan ta vare på den flotte naturtypen "hol eik".


Publisert 10.07.2017

Naturtypekartlegging i 2017 på oppdrag for Miljødirektoratet

Det blir sommaren 2017 gjennomført fleire kartleggingsoppdrag for Miljødirektoratet i Rogaland. Opdragstakarane arbeider i felt for å finna naturtypar som er rekna som spesielt verdifulle eller truga i Noreg.

Vegetasjonskartlegging i Hjelmeland, Forsand, Strand, Bokn, Karmøy og Vindafjord. Basiskartlegging i to naturreservat i Suldal og Sokndal og verdisetjing innanfor Jærstrendene i Randaberg kommune.


Publisert 01.02.2017

Utvida pilotprosjekt - naturmangfald i plan

Miljødirektoratet utvidar sitt pilotprosjekt der dei gir økonomisk støtte til å utvikle kommunedelplanar for naturmangfald. Søknadsfrist er 20.02.17.


Publisert 11.01.2017

Tilskot til trua naturtypar og artar

Privatpersonar, organisasjonar og kommunar som vil gjera ein innsats for å ta vare på trua artar og naturtypar i 2017, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak. Men ver rask - fristen er 15. januar!


Publisert 04.07.2016

Naturtypekartlegging av regnskogmiljø, store eiker og avgrensa område sommaren 2016

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2016 naturtypekartlegging og kartlegging av store eiker. Miljødirektoratet kartlegg regnskogmiljø i kystfuruskog og kartlegging av andre utvalde område.