Nå er naturtypekartlegging 2020 publisert

Boreonemoral regnskog
Boreonemoral regnskog Foto: Ecofact Sørvest AS / Miljødirektoratet.

I 2020 blei heile 167 kvadratkilometer av landareal i Rogaland undersøkt med omsyn til naturtypar etter Miljødirektoratet sin instruks. Nye data for 2020 er nå publisert og offentleg tilgjengeleg på Naturbase og i Temakart Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.02.2021

Dette vil løfte kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn til for planarbeid, forvalting og tilskotshandsaming på alle nivå frå grunneigarar, kommune, fylke og staten. Karta visar kva område som er undersøkt og kvar det er gjort funn av viktige og raudlista naturtypar. I faktaarket til kvar registrering finn me lokalitetskvalitet basert på tilstand og naturmangfald.

Figur 1. Dekningsområde undersøkt per 26. februar 2021
Figur 1. Dekningsområde undersøkt per 26. februar 2021

I Rogaland er 535 km2 undersøkt (Fig. 1). Her er registrert 6725 ulike naturtypefigurar, som igjen utgjer 24,7% av dekningsarealet.

Miljødirektoratet har utvikla ein instruks for naturtypekartlegging som er basert på klassifiseringssystemet Natur i Noreg (Artsdatabanken). Instruksen definerer metoden for kartlegging av naturtypar innafor eit dekningsområde (Fig. 2). Biofaglege ekspertar nyttar instruksen til å identifisere raudlista naturtypar og naturtypar som er viktige for mange sjeldsynte og raudlista artar. Kartleggerane skal søke over heile dekningsarealet, og vil registrere og kvalitetsvurdere alle naturtypar dei treff på i felt. I 2020 var 109 naturtypar inkludert i instruksen, t.d. kystlynghei, lågurt-edellauvskog, hol eik, sanddynemark, kalkgranskog, boreonemoral regnskog, kalkrik rabbe. Instruksen omfattar såleis natur frå lågt til høgt over heile landet.

I 2020 var 109 naturtypar inkludert i instruksen, t.d. kystlynghei, lågurt-edellauvskog, hol eik, sanddynemark, kalkgranskog, boreonemoral regnskog, kalkrik rabbe. Instruksen omfattar såleis natur frå lågt til høgt over heile landet.

Figur 2. Dekningsområde med naturtypefigurar
Figur 2. Dekningsområde med naturtypefigurar

Dette arbeidet er ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015.

Data som vert innhenta i felt er offentleg tilgjengeleg gjennom naturbase og temakart Rogaland. Det vil bidra til ei effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder også med omsyn til naturverdiane i regionen.

Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (RMP).

Figur 3. Registrert naturtypar der mørkare farge indikerer høgare lokalitetskvalitet. Lokalitetskvaliteten er basert på tilstanden til lokaliteten og naturmangfaldet på staden
Figur 3. Registrert naturtypar der mørkare farge indikerer høgare lokalitetskvalitet. Lokalitetskvaliteten er basert på tilstanden til lokaliteten og naturmangfaldet på staden

Karta er nå tilgjengeleg på Naturbase eller i Temakart Rogaland. For Temakart Rogaland nyttar ein tema «Natur», «Naturtyper – NiN». Her finn ein detaljkart over dei ulike naturtypane med fargekode for lokalitetskvalitet (Fig. 3). For kvar registrert naturtype finn ein eit faktaark om ein trykkar på den einskilde figuren i kartet (Fig. 4). Her vil ein finn utdjupande forklaring på kva naturtype det er, årsaka til gitt lokalitetskvalitet, mm.

Figur. 4. Utsnitt frå faktaark. Her finn ein mellom anna omtale av lokaliteten, med tilstandsvurdering og naturmangfald vurdering
Figur. 4. Utsnitt frå faktaark. Her finn ein mellom anna omtale av lokaliteten, med tilstandsvurdering og naturmangfald vurdering

Om ein ønskjer meir informasjon om naturtypekartlegging, og korleis ein kan nytte desse karta, så visar me til Miljødirektoratet sine sider om naturtypekartlegging, sjå lenkjer.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Arrangement i Miljødirektoratet

Webinar om naturtypekartlegging våren 2021:

  • 10.mars – Bestille kartlegging etter Miljødirektoratets instruks
  • 07. april – Kartlegging av naturtypar: Introduksjon
  • 14. april – Kartlegging av naturtypar: Hvordan kartlegge
  • 21. april – Kartlegging av naturtypar: Tekniske verktøy
  • 28. april – Kartlegging av naturtypar: Bruk av data