Internasjonale Moder Jord-dagen

Samspill med naturen, ein brunflekka perlemorvengje. Foto: Endre Grüner Ofstad

No som det livnar i lundar og lauvast i li så kjenner ein godt korleis naturen verkar inn på liva våre. Naturen dannar grunnlaget og set rammene for livet på jorda. Naturens gode er mange, og diverre ofte tatt for gitt. I dag er det den internasjonale Moder Jord-dagen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2021

Naturens gode 

Naturens gode vert ofte kalla økosystemtenester. Dette er tenester naturen gir oss som kan vere støttanderegulerandeforsynande eller kulturelle. Forsynande teneste er ofte knytta til landbruket, tilgang på drikkevatn eller råmateriale nytta i industrien. Regulerande teneste er til dømes klimaregulering, flaumdemping, erosjonssikring og pollinering. Dei kulturelle tenestene er dei me får frå turistnæring, kulturarven vår og rekreasjonsmoglegheita som naturen tilbyr. Støttande tenester er dei som gjev dei grunnleggjande livsprosessane og inkludere biologisk mangfald. Biologisk mangfald bidreg til fotosyntese, vasskretslaupetjorddanninga og så vidareEin kan lese meir om korleis desse verkar inn på byplanlegginghavnæringbarns sosiale ferdighetar, eller i rapporten ‘Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester’. Økosystemtenester er så viktige at dei skal takast omsyn til i konsekvensutgreiingar.  

  

Kva dei ulike økosystema bidreg til: 

  • Fjell – viktig for blant anna naturopplevingar, friluftsliv og beite 
  • Hav og kystsone – viktig for blant anna fisk og anna sjømat, biokjemikaliar og genetiske ressursar for nye næringar, og for naturopplevingar og rekreasjon 
  • Ferskvatn – viktig for blant anna drikkevatn, flaumdemping og rekreasjon 
  • Våtmark – viktig for blant anna flaumdemping, karbonlagring og naturopplevingar 
  • Ope lågland og jordbruksområde (kulturlandskap) – viktig for blant annet mat, beite, jordsmonn, naturarv og stadsidentitet 
  • Arktiske økosystem – viktig for blant anna fisk og sjømat, biokjemikaliar, genetiske ressursar og naturbasert reiseliv 
  • Skog – viktig for blant anna tømmer, bioenergi, biokjemikaliar, karbonlagring, vatnreinsing og friluftsliv 
  • Grøntområde i byar og tettstader (urbane økosystem) – viktig for blant anna flaumdemping, rekreasjon og velvære 

  

Korleis er tilstanden med natursystema? 

Tilstanden til dei ulike systema blir presentert i Naturindeksen. Dei fleste er på det jamne, men naturtypen ope lågland har hatt nedgang dei siste åra. Hovudårsaka til dette er opphøyr av ekstensiv skjøtsel slik som beite, slått eller lyngsviing, med påfølgjande gjengroing eller intensivert drift av areala. Våtmark har hatt noko nedgang over tid, men har begynt å gå litt oppover i takt med fokus på restaurering. 

FN sitt bærekraftmål 15 ‘Livet på land’ omhandlar nettopp økosystemtenestan, og korleis ein skal beskytte, gjenoprette og fremje ei berekraft bruk av dei 

 _MG_6090-Pano_EndreGrunerOfstad_100dpi_700px.jpg  _MG_8607-Pano_EndreGrunerOfstad_700px.jpg

Flomskogmark er naturlige flaumdempingsystem, her i Ragtjørna naturreservat i Gjesdal kommune under og etter flaum. Foto. Endre Grüner Ofstad

Kva kan du gjere? 

“Du kan ikkje kome gjennom ein einaste dag utan å ha ein innverknad på verda rundt deg. Det du gjergjer ein forskjell, og du må bestemme deg for kva slags forskjell du vil gjere” - Jane Goodall 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.