Tilskudd innen jordbruk og skogbruk

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 19.11.2015

Å gløyme opplysningar påverkar tilskotsutbetalinga

Å etterregistrere utegløymte opplysningar i søknad om produksjonstilskot, blir rekna som innsending av ny søknad. Det presiserer Landbruksdirektoratet i eit nyleg utsend brev. Konsekvensane for utmåling av tilskot kan bli store, og vi oppmodar derfor alle til å bruke god tid når dei fyller ut søknaden.


Publisert 13.11.2015

Kvotegrense på Jæren fjerna

Fylkesmannen har etter påtrykk frå Landbruks- og matdepartementet endra prioriteringane av kven som kan få tilskot til investeringar til nye kufjøs på Jæren.


Publisert 02.11.2015

Møte om bruk av bedriftsretta landbruksmidlar i 2016

Det er forventa at mange vil søkje økonomisk støtte til investeringar på gardsbruk i Rogaland. Innovasjon Norge inviterer 11. november til møte om bruk av dei bedriftsretta landbruksmidlane i 2016.


Publisert 15.10.2015

Tilskot til dyr på beite - dispensasjon grunna dårleg vêr

Kald og våt vår har gjort det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid som ligg i det generelle beitetilskotet. Fylkesmannen kan dispensere frå kravet, men berre i heilt spesielle tilfelle.


Publisert 14.10.2015

Frist for søknad om avlingssvikerstatning

Er du ein av dei som planlegg å søkje erstatning for avlingssvikt etter årets sesong – husk søknadsfrist den 31.oktober.


Publisert 14.10.2015

Strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar i 2016

2016 blir eit år der dei bedriftsretta landbruksmidlane til Innovasjon Norge Rogaland skal rettast mot storfeproduksjon.  Først og fremst mot nye kufjøs, men også mot ammekufjøs. Vidare skal arbeidet med å betre vasskvaliteten intensiverast. Det blir opna for tilskot til nye gjødsellager på gardsbruk i utvalde område. 


Publisert 12.10.2015

Dårleg dyrestell kan ramma tilskotet

Ei omfattande dyrevernssak førte nyleg til at eit føretak mista heile produksjonstilskotet. Fylkesmannen ser alvorleg på dyrevernssaker, og den siste tida har vi retta søkjelyset på landbruksforvaltninga si rolle i slike saker.


Publisert 09.07.2015

Regelverket for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel er endra

Med endra forskrift er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. Det har også skjedd endringar i reglane for far sin permisjon i samband med fødsel.


Publisert 08.07.2015

Tilskot til dyr på beite - krav til beitetid

Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.


Publisert 01.07.2015

Våt vår og forsommar- meld frå til kommunen ved mogleg avlingssvikt

Fleire er i år forseinka med vårvinna på grunn av mykje nedbør og blaute areal. For å få erstatning er det eit absolutt krav at føretaket gir melding til kommunen straks du blir klar over at skade har skjedd eller kan oppstå.