Innstramming av dispensasjonspraksis for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel

Landbruksdirektoratet skjerper inn praksisen kring dispensasjonar frå regelverket for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.12.2015

Følgjande presiseringar er gitt:

Det kan ikkje bli dispensert frå tidsavgrensinga ved sjukdom.

Ved sjukdom kan bonden berre få tilskot for avløysing for til saman 365 dagar i løpet av dei tre siste åra. Har bonden fått tilskot til 365 dagar må det gå minst 26 veker samanhengande, såkalla, "venteperiode utan tilskot", før eventuelt nytt tilskot kan bli utbetalt. Det er ikkje mogleg å dispensere frå kravet om 26 veker venteperiode.

Det kan ikkje bli dispensert frå tal dagar i samband med sjukdom hos barn § 6, eller ved dødsfall § 7.

Det kan bli gitt tilskot til avløysing i samband med sjukdom hos barn. Tilskotet kan gjevast inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. For einslege foreldre kan det gjevast tilskot i inntil 40 dagar pr. år. Ved dødsfall kan det gjevast tilskot til avløysing i inntil 8 veker etter dødsfallet. Det kan ikkje bli gitt dispensasjon frå avgrensingane i tal dagar.

Når kan det bli gitt dispensasjon?

Fylkesmannen og Landbruksdirektotatet kan i "særlege tilfelle" gi dispensasjon frå enkelte reglar. Dette dreier seg om heilt spesielle og uvanlege saker. Dispensasjon frå krav til næringsinntekt gjeld berre for nye gardbrukarar. Dispensasjon frå søknadsfristen kan berre bli gitt i særlege tilfelle.

Landbruksdirektoratet har skrive ein ny og oppdatert versjon av rundskrivet for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødel. Du finn regelverket med tilhørande rundskriv i høgre marg.  

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.