Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen

Før Fylkesmannen skifta namn til Statsforvaltaren 1. januar 2021, var det mange som hadde vanskar med å sjå skilnaden mellom oss oss og fylkeskommunen. Det er forståeleg.

Publisert 24.10.2012
I hovudsak er oppgåvefordelinga klar, men på nokre område, som til dømes regional og kommunal arealplanlegging og utdanning, har både Statsforvaltaren og fylkeskommunen eit ansvar.

Litt om Statsforvaltaren

Statsforvaltaren i Rogaland er kongen og regjeringa sin representant i fylket og utfører oppgåver på vegner av mange departement og direktorat. Statsforvaltaren sine primæroppgåver er tilsyn med kommunar og verksemder, klageorgan for fleire typar kommunale vedtak, regionalt sektoransvar for nasjonale politikkområde som landbruk, miljø og utdanning. Statsforvaltaren skal også samordna statleg verksemd i fylket.

Litt om fylkeskommunen

Rogaland fylkeskommune er eit sjølvstendig folkevalt organ. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som regional utviklingsaktør, med ansvar for følgjande oppgåver: Vidaregåande opplæring, kultur og kulturminnevern, friluftsliv, samferdsel, fylkesplanlegging, tannhelseteneste, folkehelsearbeid og strategiar for nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

Meir om Rogaland fylkeskommune finn du på fylkeskommunen sin nettstad.