Språk i regionale statsetatar i Rogaland

Fleirtalsspråket i Rogaland er nøytralt frå 1. januar 2020. Statsetatar med Rogaland fylke som ansvarsområde, kan dermed bruka både nynorsk og bokmål som tenestespråk. Dette gjeld mellom anna for nettstaden til Statsforvaltaren i Rogaland.

Dermed finn du tekstar på både nynorsk og bokmål på nettsida vår.

Med tenestespråk meiner ein det språket ein nyttar til dømes i fellesskriv til kommunane eller i anna informasjonsmateriell.

Dei fleste kommunane med språkvedtak krev nynorsk, men...

Under halvparten av kommunane i Rogaland har fatta eit språkvedtak der dei krev bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen med statlege styresmakter. Dette er avgjerande for at Rogaland er eit språknøytralt fylke etter reglane i språklova:

"Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt".

I Rogaland har 11 av 23 kommunar fatta språkvedtak om enten nynorsk (ni kommunar) eller bokmål (to kommunar) i statleg korrespondanse. 12 kommunar (fleirtalet) er nøytrale. Dermed er Rogaland eit nøytralt fylke.

Kommune Målvedtak
1101 Eigersund Bokmål
1103 Stavanger Nøytral
1106 Haugesund Bokmål
1108 Sandnes Nøytral
1111 Sokndal Nøytral
1112 Lund Nøytral
1114 Bjerkreim Nynorsk
1119 Hå Nøytral
1120 Klepp Nynorsk
1121 Time Nynorsk
1122 Gjesdal Nøytral
1124 Sola Nøytral
1127 Randaberg Nøytral
1130 Strand Nøytral
1133 Hjelmeland Nynorsk
1134 Suldal Nynorsk
1135 Sauda Nynorsk
1144 Kvitsøy Nøytral
1145 Bokn Nynorsk
1145 Tysvær Nynorsk
1149 Karmøy Nøytral
1151 Utsira Nøytral
1160 Vindafjord Nynorsk

 

Rogaland fylkeskommune er nøytral.

Administrativ målform i kommunane

Det er viktig å vera merksam på at kommunen står fritt til å velja administrativt språk, sjølv etter eit vedtak etter språklova. Eit språkvedtak seier berre kva språk dei statlege etatane skal nytta i kommunikasjonen med kommunen. 

Døme

  • Tysvær kommune har gjort språkvedtak etter språklova og valde nynorsk.
  • Brev frå oss, og andre statlege etatar, skal derfor skrivast på nynorsk.
  • Kommunen avgjer sjølv kva språk ein bruker i saksbehandling og innbyggardialog.
  • Språklova regulerer ikkje kva språk det skal undervisast i på skulen. Dette bestemmer kommunen.

Oversikt over målformer i kommunane i Rogaland (språkvedtaksforskrifta)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.