Tilskudd innen jordbruk og skogbruk

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 03.05.2019

Dårleg dyrevelferd gir trekk i tilskotet

På gardsbruk der det er funne alvorlege brot på regelverket for dyrevelferd i dyrehaldet, trekk landbruksforvaltninga i produksjonstilskotet til føretaket.


Publisert 25.04.2019

Få bønder fekk trekk i produksjonstilskotet i 2018

I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2018. 143 føretak i Rogaland har fått eit eller fleire trekk i tilskotet av ulike årsaker.


Publisert 13.03.2019

Hugs søknadsfrist 15. mars!

Det er fristen for å søkje om produksjontilskot i jordbruket for del 1 av søknaden for 2019. Det er tal dyr per 1. mars som skal førast opp i søknaden.


Publisert 01.03.2019

Søk produksjonstilskot innan 15. mars

Søknaden kan sendast inn frå og med 1. mars 2019. Du kan søkje på dei dyra du disponerer på teljedatoen 1. mars.


Publisert 11.01.2019

Viktige endringar i regelverket – tidlegpensjon for jordbrukarar

Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.


Publisert 07.01.2019

Etterregistrering - frist 10. januar 2019

Innan 10. januar kan søkjar etterregistrere enkelte opplysningar i søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018.


Publisert 28.12.2018

Produksjons- og avløysartilskot blir utbetalt i februar

I 2018 er det 4160 føretak i Rogaland som har søkt om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det er ein nedgang på 35 føretak eller 0,8 % samanlikna med 2017.

 


Publisert 10.10.2018

Søknad om produksjons- og avløysartilskot 2018 – endra praktisering av søknadsfristen

Fristen for å søkje produksjons- og avløysartilskot er forlenga fram til og med 29. oktober 2018. Dette gjeld også dei som var for seint ute med søknad innan fristen 15. mars, då det i år er opna for at dei no kan levere søknad innan 29. oktober.


Publisert 28.09.2018

Hugs å søka om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober!

Frå og med måndag 1. oktober kan du søka om produksjons- og avløysartilskot for 2018 – del 2. Søknadsfrist er 15. oktober.


Publisert 15.08.2018

Tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland også i 2018!

Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. I år er det tørke som har vore utfordringa, i fjor var det alt regnet. Klimautfordringane gir ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg av omsyn til det å kunne gjødsle på rett tid. Nå kan bønder i heile fylket søke tilskot til bygging av gjødsellager.