Rogalandsbøndene mottek 531 millionar i produksjonstilskot

Onsdag 3. februar får bøndene utbetaling av produksjonstilskot i jordbruket. På landsbasis får bøndene til saman 5,2 milliardar kroner. Av desse går 531 millionar til Roglandsbøndene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2016

Rogalandsbøndene mottek såleis i overkant av 10% av produksjonstilskotet på landsbasis.

Det blir mellom anna utbetalt:
- Husdyrtilskot kr 112,8 millionar
- Driftstilskot til melkeproduksjon kr 76,7 millionar
- Kulturlandskaps- og arealtilskot kr 238,4 millionar
- Tilskot til dyr på utmarksbeite og på beite kr 114,6 millionar
- Kjøttfeproduksjon kr 12,5 millionar
- Økologisk tilskot kr 700.000

Landbruksdirektoratet opplyser at satsane er reduserte i forhold til dei førebelse satsane. Dette fordi ein vil unngå at budsjettramma som vart fastsett i jordbruksoppgjeret blir overskride.

I august 2015 vart det innlevert 4.201 søknader om produksjonstilskot i Rogaland. Dette er ein nedgang frå året før på 140 søknader. Søknadstalet på landsbasis for august 2015 er på 41.174 søknader, ein nedgang på 1.026 frå året før. I Rogaland vart det i august 2015 søkt på eit jordbruksareal på til saman 995.351 dekar, ein nedgang på 1.176 dekar frå året før. På landsbasis er det søkt på 9.830.365 dekar jordbruksareal, som er ein auke på 4530 dekar frå 2014.

Les meir på Landbruksdirektoratet sine sider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.