Jobb hos oss?

Kva gjer Statsforvaltaren? Me representerer staten i Rogaland. Me ser til at vedtak, mål og retningslinjer frå regjeringa blir følgt opp i kommunane og sikrar rettstryggleiken til innbyggarane våre.

Publisert 08.02.2023

Du kjenner kanskje til oss som Fylkesmannen i Rogaland, men me endra namn til Statsforvaltaren i Rogaland i 2020.

Statsforvaltaren er kongen og regjeringas representant i fylket. Kort sagt er me eit bindeledd mellom regjeringa og kommunane. Oppgåvene våre er blant anna å sørga for at lover og reglar blir følgde i kommunane. Me er eit tilsyns- og klageorgan, men har også ei koordinerande rolle i fylket. 

Hos oss jobber me med meiningsfylte og varierte oppgåver, som til dømes helse, miljø, barnehage, skule og landbruk. Avdelingane våre samarbeider tett, og som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

"Tar vare på Rogaland" er den overordna visjonen og rettesnora i arbeidet vårt.

Statsforvaltaren i Rogaland har mange og svært varierte oppgåver. Me har organisert oss i fem fagavdelingar og to stabar. Alle held til i Statens hus, sentralt i Stavanger.

Her kan du lesa litt meir om dei ulike avdelingane – og kanskje spesielt den der du ønsker å jobba.

Slik er me organisert

Du sender søknad

Du sender søknad til oss gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge (direktelenke finn du i stillingsannonsen). Hvis du har utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra NOKUT. 

Du får varsel på e-post frå Jobbnorge når søknaden din er registrert.

Me kallar inn aktuelle kandidatar til intervju

Intervjuet blir gjennomført av næraste leiar, HR og tilsettrepresentant. 

Me har som regel eitt intervju i prosessen, og det skjer i hovudsak ved fysisk oppmøte. I intervjuet ønsker me å bli bedre kjent med deg – og at du skal bli kjent med oss. Me vil gjerne ha ein god samtale, og legg til rette for at du skal få presentert deg og kompetansen din på ein god måte.

Me innstiller kandidatar til jobben

Etter at me har intervjua dei aktuelle kandidatane og henta inn referansar, lagar leiaren ei innstilling som blir behandla i tilsettingsrådet.

Me gir tilbod til den best kvalifiserte kandidaten

Etter møtet i tilsettingsrådet, tar me kontakt med den som er tilsett som nummer 1. Deretter får du eit tilbodsbrev med opplysningar om løn og andre vilkår. Me ønsker vanlegvis svar innan ei veke. 

Ledige stillingar

Vi har for tida ingen ledige stillingar

Gode hos oss

  • Fleksibel arbeidstid
  • Reisegodtgjersle etter Statens satsar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gode pensjonsordningar, og høve til bustadlån med gunstig rente

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om ei stilling, ring kontaktpersonen som er oppgitt i stillingsannonsen.

Har du tekniske problem med sjølve søknaden, kan du kontakta JobbNorge på kundeservice(at)jobbnorge.no