Om oss
Statsforvaltaren (tidlegare: Fylkesmannen) er statens representant i fylket og arbeider for at Stortinget og regjeringa sine vedtak blir følgde opp i Rogaland.
|
Vi tar vare på Rogaland"Vi tar vare på Rogaland ved å leggje til rette for utvikling og medverke til å samordne statleg verksemd i fylket. Fylkesmannen arbeider til beste for alle som bur i fylket. Det gjer vi ved å behandle sakene rett og raskt og ha ein open og imøtekommande haldning til alle som vender seg til oss." |
statsforvaltar Lone M. Solheim |
Statsforvaltaren representerer dei fleste departementa og fleire direktorat, har sentrale tilsyns- og kontrolloppgåver retta både mot kommunar og private og skal dessutan samordna statleg verksemd i fylket.
Statsforvaltaren har såleis eit mangfald av roller og funksjonar. Desse kan oppsummerast slik:
- Vera bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggarar
- Utøva myndigheits-, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonar
- Medverka i fornyings- og utviklingsarbeid
Statsforvaltar Lone M. Solheim
Lone Merethe Solheim (f. 1964) er konstituert som statsforvaltar i Rogaland. Bent Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann, nå statsforvaltar, i Rogaland. Høie tiltrer når han går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Lone Merethe Solheim er statsforvaltar fram til Høie tiltrer.
Solheim har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd hos Statsforvaltaren i Rogaland sidan 2002. Den gongen kom ho til Fylkeslegen i Rogaland frå Fylkesskattekontoret. Fylkeslegen blei seinare ein del av fylkesmannsembetet. Solheim har vore assisterande direktør i helse-, sosial og barnevernsavdelinga. I 2012 blei ho tilsett som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga.
Solheim vaks opp på Tjøme i Vestfold, men flytta til Stavanger i 1988. Ho er gift og har tre barn.
Kommunar i Rogaland
Aktuelt
VISJONEN VÅR
• Vi tar vare på Rogaland
VERDIANE VÅRE
• Open
• Tydeleg
• Truverdig