Ressurstilpassa mjølkeproduksjon

Mjølkeproduksjonen bør i hovudsak vere basert på lokalt ressursgrunnlag, og ikkje vere for sårbar med omsyn til innkjøp av fôr og store køyreavstandar til leigd areal. Dette er utgangspunkta for tilskot til etablering av nye kufjøs.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2016

Det har i haust vore mange og gode diskusjonar kring korleis Innovasjon Norge Rogaland bør prioritere dei bedriftsretta investeringsmidlane. I 2016 skal investeringsmidlane prioriterast til storfe – det vil seie nye kufjøs og ammekufjøs. I Rogaland er det eit mål at mjølkeproduksjonen i distrikta blir vidareført med minst same volum som for år 2010.

Områda utanom sentrale Jæren har i dag om lag 35 % av den samla mjølkeproduksjonen i fylket – eit nivå som ikkje bør bli lågare. I heile fylket ønskjer vi at mjølkeproduksjonen først må ta utgangspunkt i det lokale ressursgrunnlaget – med optimal bruk av eige fôrgrunnlag og kortast mogleg avstand til leigd areal. I vurderinga av økonomien i prosjektet, må kostnadane knytt til driftsopplegget bli tatt omsyn til. Her vil "dekk og diesel»-kostnadane bli eit moment. Stordriftsulempene må vegast opp mot stordriftsfordelane.

Så er det slik at innmarksbeita i dag er ein svært viktig ressurs i mjølkeproduksjonen i Rogaland. Slik bør det også vere framover. Det er viktig at nye bygg blir plasserte slik at det ligg godt til rette for aktivt beitebruk.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.