Avløysartilskot - hugs å føre opp lønnsutgifter!

Denne søknadsomgangen er det nye rutinar for å søkje om avløysartilskot. Vi ser at mange har gløymt å føre opp utgifter til lønn, og berre fører opp arbeidsgivaravgift.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.01.2016

Fristen for å søkje om avløysartilskot og produksjonstilskot i jordbruket er 20. januar 2016. På søknaden er det tre aktuelle rubrikkar for å søkje avløysartilskot. Det er dei faktiske utgiftene til avløysing som søkjar har hatt i 2015 som skal førast opp.

Utgifter til avløysing der søkjar har arbeidsgivaransvar

Her må søkjar registrere namn, fødselsnummer og utgifter til lønn på kvar avløysar. Sum arbeidsgivaravgift som ein har betalt skal også registrerast.

Utgifter til avløysing der avløysartenester er kjøpt frå avløysarlag eller avløysarring

Her skal søkjar føre opp namn på avløysarlag/avløysarring, organisasjonsnummer og beløpet brukt til avløysing. Beløpet ein skal føre opp skal vere utan moms. Dersom du har kjøpt tenester frå ein avløysarring, så må utgiftene fordelast på kvart føretaka som er med i ringen.

Utgifter til avløysing der avløysartenesta er kjøpt frå andre føretak

Her skal søkjar føre opp avløysartenester som ein har kjøpt frå andre føretak enn avløysarlag/-ring. Beløpet skal vere utan moms. Her skal du også føre opp utgiftene dersom du har brukt landbruksvikar tilsett i kommunen.

Dokumentasjon av utgifter til avløysing

Du må kunne dokumentere alle utgiftene til avløysing som du har ført opp i søknaden. Ved kontroll vil kommunen be om å få sjå dokumentasjon.

Døme på dokumentasjon er:

  • A-meldinga
  • bankbilag med faktura
  • rekneskap som viser avløysarringen sine refunderbare utgifter og fordeling mellom medlemmene.

Søkjar skal ikkje sende inn dokumentasjon av utgiftene til avløysing saman med søknaden.

Ved kjøp av tenester frå andre føretak, må ein hugse på at avløysing berre gjeld sjølve tenesta. Utgifter til leige av maskinar eller andre varer som blir nytta under utføring av tenesta gir ikkje grunnlag for tilskot. Hugs difor å be om spesifisert faktura.

Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen dersom du har spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.