Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Oppgåver og ansvar

Statsforvaltarane er regionale, statlege organ som skal gjennomføra nasjonal politikk vedteke av Stortinget. Embeta er eit viktig bindeledd mellom den sentrale statsforvaltninga og kommunane.

Publisert 24.10.2012

Eit særtrekk ved statsforvaltarane er at me gjer fagoppgåver for fleire departement og direktorat, samtidig som me har ansvar for samordning av statleg aktivitet i fylket.

Ansvaret for Statsforvaltaren si verksemd er derfor delt mellom fleire statsrådar, men det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har det administrative ansvaret.

Sektorrolla

Det er det enkelte departement, direktorat eller tilsyn som legg faglege oppgåver til Statsforvaltaren og har fagleg instruksjonsmynde over embeta. Desse oppgåvene kjem til uttrykk gjennom lover, retningsliner, embetsoppdrag og politiske vedtak og signal.

Statsforvaltaren har i dag sektormynde innafor helse- og omsorgtenester, sosialtenester, barnevern, barnehagar, utdanning, landbruk, miljøvern, samfunnsikkerheit og beredskap.

Som sektormynde skal Statsforvaltaren ved tilsyn, rettleiing og dialog med kommunane og fylkeskommunen, medverka til å setta i verk nasjonal politikk.

Samordning

Statsforvaltaren skal, etter instruksen, medverka til å samordna, forenkla og effektivisera den statlege verksemda i fylket. Dette gjeld for oppgåver som både ligg i og utanfor embetet.

Rettstryggleik

Rolla som ivaretakar av rettstryggleik for enkeltmenneske er heilt sentralt i oppgåvene til Statsforvaltaren. Klagebehandling, tilsyn og rettleiing er viktige verkemiddel knytt til dette.

Knutepunkt for informasjon mellom sentral stat og kommunane

Statsforvaltaren har ei viktig rolle i som rettleiar overfor kommunane og er eit informasjonsknutepunkt mellom sentral stat og kommunane. Men kommunikasjonen skal gå begge vegar. Me skal melda tilbake til sentrale styresmakter om korleis statleg politikk verkar regionalt og lokalt.

Gjennom oppfølging, rettleiing, kompetanseheving og god dialog skal Statsforvaltaren bidra til at kommunane har god nok kompetanse og kvalitet til å gjennomføra nasjonal politikk.

Oppgåvene i kortform

Landbruksavdelinga

  • Kompetansesenter
  • Legg til rette for, og stimulera til, næringsutvikling
  • Langsiktig arealforvaltning – kommunal og regional planlegging
  • Fordela tilskotsmidlar
  • Kontroll/tilsyn

Miljøvernavdelinga

  • Industri, miljøgifter, forureining, avfall, støy (pålegg, løyve og tilsyn)
  • Naturvern, vassdrag, biologisk mangfald
  • Friluftsliv, jakt og fiske (forvalte, løyve, tilskott)
  • Areal jf. plan- og bygningslova (uttale og motsegn)

Utdanningsavdelinga

  • Tilsyn, lovlegkontroll og klagebehandling
  • Følga opp nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
  • Medverka til kvalitets- og kompetanseutvikling i barnehage og skule
  • Stimulera til tverrfagleg samarbeid
  • Forvalta tilskott

Samfunnsavdelinga

  • Klagesaker bygg m.m. (settestatsforvaltar)
  • Kommuneøkonomi
  • Lovlegkontroll
  • Familierett (separasjon/skilsmisse)
  • Fri rettshjelp
  • Verjemål

Helse- og sosial- og barnevernsavdelinga

  • Klageinstans i enkeltsaker
  • Hendingsbasert tilsyn med helse- og sosialtenesta
  • Planlagde tilsyn med helse-, sosial- og barnevernstenesta
  • Iverksetting av statleg politikk og satsingar innan helse- og sosialområda

Beredskapsstab

Hos Statsforvaltaren i Rogaland er arbeidet med samfunnstrykkleik og beredskap organisert i ein eigen stab.

Statsforvaltaren som planmynde

  • Formidla nasjonal politikk
  • Aktiv aktør i regionalt planarbeid
  • Samordning – erfaringsutveksling
  • Gje uttale til kommunale planar
  • Konfliktløysing: meklarrolle
  • Behandla klagesaker

For meir informasjon, sjå under dei ulike fagtemaa på nettsida. Bruk gjerne søkefunksjonen.