Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 15. september til 15. oktober. 

Publisert 01.02.2013, Sist endret 16.09.2021

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 12.07.2022

Rulleringa av Regionalt miljøprogram i Rogaland har starta

Ny kabal for 66 millionar kroner i regionalt miljøtilskot skal leggast i 2022. Regionalt miljøprogram skal treffe miljøutfordringane i Rogaland, og Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag skal i fellesskap velje ut kva slags miljøtilskot som skal gjelde i fylket.


Publisert 06.07.2022

Kraftig auke i regionalt miljøtilskot

20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei resultatet i årets jordbruksoppgjer. Dermed kan bønder i fylket søke regionalt miljøtilskot for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022.


Publisert 05.07.2022

Vilkår for å få regionalt miljøtilskot

Her får du oversikt over generelle reglar og vilkår for å få regionalt miljøtilskot i Rogaland. 


Publisert 15.06.2022

Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2022

Rogaland har 66,4 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2022. Oversikt over dei ulike tilskotsordningane med vilkår og skjøtselsråd finn du her.  


Publisert 15.06.2022

Opent møte om gjødselressursane i Rogaland 22. juni

Vi står framfor ny programperiode for Regionalt miljøprogram i Rogaland, og kabalen for 66 millionar kroner til miljøtiltak skal leggast på nytt. Vi inviterer til innspelsmøte om kvart miljøtema, og først ut er gjødselressursane i Rogaland. Kva virkemidlar skal til for mest mogleg næringsutnytting og næringsutvikling? Bli med på temamøte 22. juni, digitalt på Teams.  


Publisert 11.03.2022

Regionalt miljøtilskot blir utbetalt 11. mars

Fredag 11. mars blir regionalt miljøtilskot utbetalt til 1871 føretak og 45 beitelag i Rogaland. Søkjarane har fått utbetalingsbrev i Altinn, og vi anbefaler dei å lese det.


Publisert 30.09.2021

Tilskot til organisert beitebruk. Søknadsfristen er 15. november

Beitelaga i Rogaland kan søke regionalt miljøtilskot (RMP) om tilskot til organisert beitebruk. Søknadsfristen er 15. november. Tilskotet skal gå til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Her er lenke til informasjon og søknadskjema hos Landbruksdirektoratet. 


Publisert 16.09.2021

Tid for å søkje regionalt miljøtilskot i Rogaland

Frå 15. september kan du som er bonde søkje regionalt miljøtilskot, til dømes tilskot til skjøtsel av bratt areal, beite av kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller miljøvennlig gjødselspreiing. Siste frist for å søkje er 15. oktober.  


Publisert 02.08.2021

Regionalt miljøtilskot: Spreiefrist for husdyrgjødsel er 10. august

Dei som skal søkje regionalt miljøtilskot for miljøvenleg gjødselspreiing må spreie husdyrgjødsla før 10. august på areal dei søkjer tilskot til. 


Publisert 01.07.2021

Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2021

Rogaland har 45,7 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2021. Oversikt over dei ulike tilskotsordningane med vilkår og skjøtselsråd finn du her.