Produksjons- og avløysartilskot blir utbetalt 1. juni

Produksjons- og avløysartilskot for søknadsomgangen i januar 2016 blir utbetalt frå Landbruksdirektoratet onsdag 1. juni. Dei fleste vil ha pengane på sin konto innan fredag 3. juni.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.05.2016

Informasjon om di tilskotsutbetaling i Altinn

Alle vil få tilskotsbrev elektronisk i Altinn. Føretak som ikkje har oppgitt verken mobilnummer eller e-postadresse, vil i tillegg få tilsendt tilskotsbrevet på papir. Klagefristen er 3 veker frå tilskotsbrevet er motteke. Dersom tilskotet ikkje er utbetalt, har blitt avkorta e.l., kjem det normalt meir informasjon om dette pr. brev frå kommunen. Har du spørsmål om utbetalinga, kan du ta kontakt med ansvarleg i din kommune.

594 millionar blir utbetalt til Rogaland

På landsbasis blir det utbetalt 3,6 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot for denne søknadsomgangen. I Rogaland er samla utbetaling på i overkant av 594 millionar, herunder ca. 179 millionar i avløysartilskot. I tillegg vil det alltid vere nokre etterutbetalingar manuelt som gjer at samla sum til slutt blir høgare. Tilskotssatsane for denne utbetalinga er ei vidareføring av satsane som blei brukt ved utbetalinga i februar.

Totalt var det 4 092 søkjarar i Rogaland i januar 2016, mot til saman 4 215 søkjarar same tid i fjor.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.