Må betale tilbake ein million kroner i produksjons- og avløysartilskot

Det stadfester Landbruks- og matdepartementet (LMD) i ein nyleg avgjort klagesak. LMD konkluderer med at føretaket ikkje har disponert dyra og arealet det er søkt om tilskot for. Saka har også medført ei overproduksjonsavgift på mjølk på 2 mill.kr.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2015

Søkte kvart sitt tilskot

Saka gjeld eit enkeltpersonsføretak (ENK) og ei samdrift som gjennom fleire år har søkt separate tilskot til mjølkeproduksjon. LMD konkluderer i saka med at det er samdrifta som har stått for all produksjonen registrert i dei to føretaka. Dermed har ENK søkt tilskot for dyr og areal det ikkje disponerer, og som det derfor ikkje har rett på tilskot til. 

Det starta med at Statens landbruksforvaltning (SLF), no Landbruksdirektoratet, gjennomførte ein føretakskontroll hos dei to føretaka i 2010. Bakgrunnen for kontrollen var mistanke om brot på mjølkekvotereglementet.

Var i somarsamarbeid

Føretaka var i somarsamarbeid. Dersom ein søkjar har sett vekk dyra i eit beitesamarbeid, er det avgjerande at han har mjølkeproduksjon i eige fjøs både før og etter beitesamarbeidet. Det kjem klart fram av LMD si behandling av saka. Ved eit beitesamarbeid er det også slik, at dyra faktisk skal gå på beite i beitesesongen. I denne saka blei tilnærma all mjølka frå ENK levert i den perioden ENK var i somarsamarbeid med samdrifta.

Ein rekkje avvik avdekka

Kontrollen avdekka at fjøset til ENK bar preg av å ikkje vere i bruk. Mjølkeleveransane verka unormale dersom man såg dei to føretaka kvar for seg. ENK mangla ei rekke inntekter og utgifter som man normalt ville finne igjen i eit sjølvstendig bruk med mjølkeproduksjon.

Dette, saman med fleire andre funn, har ført til konklusjonen om at ENK ikkje har hatt sjølvstendig drift i perioden 2006 – 2010. LMD konkluderer med at samdrifta har stått for all produksjon registrert på dei to føretaka. Som eit resultat, blir alt produksjons- og avløysartilskot utbetalt til ENK kravd tilbakebetalt.

Fikk 2 millionar i overproduksjonsavgift

Samdrifta har også blitt ilagt ei overproduksjonsavgift på mjølk på kring 2 millionar kroner. SLF konkluderte med at det er samdrifta som har produsert mjølka registrert på ENK. Samdrifta hadde allereie produsert over eigen kvote i perioden 2007 – 2010, og blei derfor ilagt overproduksjonsavgift for all mjølkeproduksjon registrert på ENK.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.