Skogbruk

Artiklar om skogbruket i Rogaland

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 16.12.2022

Suldal har fått ridekatedral i tre

På Lunde i Suldal er det nyleg bygd ny ridehall med kortreist tømmer frå Vikedal. Byggemetoden som er brukt er sjeldan, her finn vi over 50 takstolar med spenn på 25 meter. Det er fortent og gledeleg at Mina og Njål Lunde fekk nybyggprisen 2022 i Suldal for dette flotte bygget.


Publisert 24.06.2022

Store beiteskadar av hjort i skog

Ny rapport frå NIBIO viser store skader både i plantefelt og yngre produksjonsskog. I tillegg kjem store skadar på eng. Summen blir store økonomiske tap for grunneigarane.


Publisert 02.06.2022

Ny melding om kystskogbruket er klar for politisk behandling

Fylkeskommunane frå Agder til Finnmark har utarbeidd ei ny melding om kystskogbruket 2022, med mål og strategiar for å utvikle potensialet i skog- og trenæringa langs kysten. Meldinga har nyleg vore på høyring. Mange gode innspel er tatt med i meldinga som no ligg til politisk behandling i alle fylkeskommunane. 


Publisert 19.05.2022

Resultat frå 100 år gamle produksjonsforsøk i skog

Etter 100 år viser skogen svært god produksjon og utvikling for enkelte treslag og provenienser. Granartane og spesielt sitkagran visar overlegen produksjon og CO2-binding.


Publisert 09.05.2022

Felles retningsliner for tilskot til skogsvegar er nyleg revidert

Statsforvaltaren har i samarbeid med kommunane og skognæringa utarbeidd felles retningsliner for prioritering av tilskot og rutinar for saksbehandling gjeldande frå 01.01.2022.


Publisert 05.05.2022

Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland

Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland er revidert i 2022. Dei nye satsane er sendt til kommunane.


Publisert 12.04.2022

Framlegg til frivillig skogvern – utviding av Hesten naturreservat

Statsforvaltaren i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for ein utviding av Hesten naturreservat i Strand kommunane.


Publisert 24.03.2022

Er du vår nye rådgivar innan skogbruk?

Brenn du for berekraftig skogbruk og auka verdiskaping frå skogen, då har vi ledig stilling til deg. Skogen kan bli den nye olja, eit viktig bidrag inn i det grøne skiftet.  


Publisert 14.02.2022

Frivillig vern av to nye naturreservat i Rogaland

To område med kystfuruskog og edellauvskog er verna som naturreservat etter frivillig vern av skog; Berget naturreservat i Vindafjord og Nag naturreservat i Strand kommune.


Publisert 04.02.2022

Melding om oppstart - Utviding av Hesten naturreservat i Strand kommune

Det er meldt oppstart av frivillig vern av Hesten naturreservat i Strand kommune. Området inkludert i verneprosess omfattar grunn på eigedomen gnr./bnr. 59/1 i Strand kommune. 


Kontaktpersoner

Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.