Skogbruk

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 06.01.2020

Inntil 400 000 kr ekstra i tilskot til landbruksbygg i tre

Landbruksdepartementet gjorde endringar i forskrift i samband med innføring av ekstra tilskot til trebygg frå 01.01.2020. Dette blei avtalt i jordbruksoppgjeret i 2019.


Publisert 02.12.2019

Landbruksbygg i tre er smartare enn mange trur

I siste jordbruksoppgjer blei avtalepartane samde om å gi ekstra tilskot ved investering i landbruksbygg i tre. I 2020 kan du til få inntil 20 prosent av ordinært innvilga tilskotsbeløp og maksimum 400 000 kr.


Publisert 23.10.2019

Bli med på juletresafari i Hjelmeland laurdag 26.oktober

Det blir produsert juletre i heile Rogaland, men spesielt mykje i Hjelmeland og Strand. – Kunstige juletre kjem aldri til å utkonkurrere levande juletre. I dag klarer vi ikkje å produsere nok tre i Noreg i høve til etterspurnaden, så her er det grunnlag for nye produsentar, seier Mikal Hetland i Norsk Juletreservice AS. Nye produsentar og andre interesserte kan bli med på juletresafari 26.10.2019 hjå Vidar Garheim på Fundingsland i Hjelmeland som har nokre særs flotte juletre av sorten fjelledelgran.


Publisert 18.10.2019

Bygg nytt fjøs i tre – Daniel Andreas Breivik kan hjelpe deg!

Landbruksavdelinga har engasjert Daniel Andreas Breivik for å promotere nye fjøs i tre. Han vil ha kontor på heimegarden i Skjold og ha hovudengasjementet i heimkommunen Vindafjord. Bygg i tre har fått merksemd m.a. ut frå klimaomsyn, og vil få ekstra prioritet når det gjeld investeringsmidlar i 2020.


Publisert 01.10.2019

Grønt skifte i praksis

Langsiktig og målretta arbeid over tid gir resultat. Flisbasert bioenergi varmar opp stadig fleire bygg i Rogaland. Saman med bruk av tre i fleire større byggjeprosjekt og landbruksbygg er dette bioøkonomi i praksis.


Publisert 24.07.2019

Nye kostnadsgrenser for skogkulturtiltak

Fylkesmannen har i samarbeid med næringsaktørane og kommunane utarbeidd nye maksimalsatsar og rettleiande kostnadsgrenser for skogkulturtiltak i Rogaland. Kostnadsgrenser for produksjon av juletre og pyntegrønt er inkludert.


Publisert 17.06.2019

Ny hovudplan for skogbruksplanlegging

Ny hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i Rogaland skal trekke opp hovudlinene for skogbruksplanlegginga i fylket dei neste 10 åra. Planen er utarbeida i samarbeid med skogeigarane sine organisasjonar og kommunane, og er eit viktig grunnlag for prioritering av tilskotsmidlar.


Publisert 17.06.2019

Utgreiing av forbod mot bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet meiner det ikkje er nødvendig å forby bruk av utenlandske treslag til skogproduksjon. Omsynet til biologisk mangfald blir balansert gjennom streng regulering av planting.


Publisert 05.03.2019

Fokus på framtidige skogressursar i Rogaland

Torsdag 21. februar hadde forvaltninga og skognæringa den årlege skogsamlinga i Rogaland. Viktige tema som framtidig tilgang på hogstmoden skog og god forvaltning av skogressursane blei diskuterte.


Publisert 05.03.2019

Forslag til felles skogforvaltning i Sør-Rogaland

Ei arbeidsgruppe oppnemnt av landbruksdirektøren har utarbeidd forslag til organisering og finansiering av felles skogforvaltning mellom 16–18 kommunar, frå Lund i sør til Hjelmeland i nord. Det er allereie sendt ut førespurnad til alle aktuelle kommunar for å avklare interessa.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.