Miljø og klima

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


09.03.2020

Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Råd og informasjon finn du på Folkehelseinstituttets nettsider og på helsenorge.no.
Her finn du lenker, informasjon, kontaktar hos oss – og korona- og vaksinasjonskart for Rogaland. 

05.05.2021

Viper i Sandnes i 2020

Vipe er ein sterkt trua art. Den er i stor grad knytt til landbruksareal og Rogaland er eit kjerneområde for arten. I 2020 kartla Mangfold Mjølsnes viper i Sandnes kommune. Rapporten frå kartlegginga er no publisert.


03.05.2021

Framlegg til frivillig skogvern – utviding av Einarvatnet naturreservat

Statsforvaltaren i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for utviding av Einarvatnet naturreservat i Flekkefjord og Lund kommunar i Agder og Rogaland fylke.  


26.04.2021

Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr

Årets beitesesong er straks i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.


22.04.2021

Melding om oppstart av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

Statsforvaltaren i Rogaland melder med dette om at arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat i Klepp kommune skal starta opp. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt for verneområdet, og har med det ansvaret for arbeidet, jf. § 7 i verneforskrifta. I korte trekk skal det lagast ein plan for korleis verneområdet skal forvaltast.


22.04.2021

Internasjonale Moder Jord-dagen

No som det livnar i lundar og lauvast i li så kjenner ein godt korleis naturen verkar inn på liva våre. Naturen dannar grunnlaget og set rammene for livet på jorda. Naturens gode er mange, og diverre ofte tatt for gitt. I dag er det den internasjonale Moder Jord-dagen. 


22.04.2021

Fortsatt mulig å søke om klimasatsmidler

I år er klimasatsmidlene for hele landet som på 100 mill. kr. Midlene skal fordeles på mange kategorier og hovedfristen var 15. februar, men det kan fortsatt søkes om tilskudd innen enkelte kategorier.


22.04.2021

Styving av ask i Målandsdalen naturreservat

Styving av tre er ein gamal tradisjon vidt utbrett i Noreg, for å utnytte dei fôrresursane tilgjengelege på gardane. Styving er prosessen å sage av greinar på krona og ved gjentekne styvingar får me den velkjente klubbeforma på greiner og stammen for desse trea.


20.04.2021

Ny veileder om kommuneplanens arealdel

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt ut veileder om arealdelen av kommuneplanen. Veilederen gir svar på vanlige spørsmål og problemstillinger og er ment som ett praktisk hjelpemiddel for kommunen. 


14.04.2021

Nytt løyve til Franzefoss Gjenvinning AS avd Haugesund

Franzefoss Gjenvinning AS avd Haugesund har fått nytt løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget i Jovegen på Årabrot i Haugesund kommune. Løyve gjeld mottak, sortering mv. av fast ordinært avfall og kverning av fritidsbåtar.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel