Fiskeforvaltning

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


24.03.2021

Nye regler for laksefiske fra 2021

Miljødirektoratet har nå fastsatt nye forskrifter for fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag for sesongen 2021. Endringene medfører blant annet en betydelig innstramning i sjølaksefiske i Rogaland.


02.04.2020

Vassdragskalking - kritiske samfunnsfunksjonar

Vedvarande og uavbrote kalking er viktig og avgjerande for rett pH i forsura laksevassdrag. Miljødirektoratet har vurdert kva delar av verdikjeda for vassdragskalking som er ein kritisk samfunnsfunksjon.


20.08.2019

Rapport frå fiskeundersøkingar i Rogaland 2018

I 2018 blei vassdraga Fuglestadåna, Kvassheimsåna, Figgjoelva, Dirdalselva og Hålandselva undersøkt. i tillegg er det prøvefiska med garn i Djupavatn, Sliravatn og Ytre Skeidsvatn. Fisketettleiken av lakseungar er høgare enn året før.


09.07.2018

Seminar hausten 2018 om fiske og vassdrag


10.04.2018

Fiskeundersøkingar i Rogaland i 2017

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.


09.01.2018

Naturarven - Våre historiske lakseelver

Miljøvernavdelinga har no fått gjort tilgjengeleg historiske registreringar av våre lakseelver i Rogaland. Dette er ein skatt for alle som er interessert i våre vassdrag, og ikkje minst elveeigarar og fiskarar!


01.12.2016

Kraftig soppinfeksjon forårsaka fiskedød i Håelva

Veterinærinstituttet stadfestar kraftig soppinfeksjon på laks frå Håelva. I følge obduksjonsrapporten blei det ikkje påvist andre sjukdomar som kan ha forårsaka fiskedøden.


26.02.2016

Åpning for gjenfangstfiske etter rømt oppdrettsfisk i Ålfjorden

Fylkesmannen i Rogaland åpner for ekstraordinært fiske etter rømt oppdrettslaks og regnbueørret i sjø i Ålfjorden i Vindafjord kommune frå og med 26. februar til og med 31. mars 2016. Det er kun åpna for fiske med settegarn med maskevidde 58 mm eller større. Dei som ønsker å delta i fisket må registrere seg hos Fylkesmannen i Rogaland.


17.02.2016

Fisketider frå og med 2016 - nye fiskereglar

Miljødirektoratet har vedtatt reguleringsbestemmelser for fisket etter laks, sjøørret og sjørøye fra 2016. Nedanfor finn du fisketidene for vassdrag og sjø i Rogaland.


19.02.2015

Overvaking av fisk og vasskjemi i eit utval elver og innsjøar i Rogaland i 2014

Kvart år vert det gjennomført biologisk og kjemisk oppfølging av eit utval kalka innsjøar og elver. Dei viktigaste funna er omtale i ny rapport Fiskeundersøkelser i Rogaland 2014.