Verneområde

Oppdatert 03.01.2022

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.02.2022

Invitasjon til informasjonsmøte om arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

I forbindelse med det vidare arbeidet med forvaltningsplan invitera me til eit opent møte (digitalt og fysisk) kor me vil diskutere rammene for planarbeidet og tema som inngår i forvaltningsplanen.


Publisert 14.02.2022

Frivillig vern av to nye naturreservat i Rogaland

To område med kystfuruskog og edellauvskog er verna som naturreservat etter frivillig vern av skog; Berget naturreservat i Vindafjord og Nag naturreservat i Strand kommune.


Publisert 24.06.2021

Oppstart av prosess med nye verneområde i Rogaland

Etter oppdrag frå Miljødirektoratet kunngjer Statsforvaltaren nå oppstart av vern etter naturmangfaldlova for områda Årabrot naturreservat i Haugesund, Vestkysten landskapsvernområde på Karmøy (Åkrasanden – Syre), Avaldsnes biotopvern på Karmøy og Mosvatnet og Klostervågen i Stavanger.


Publisert 01.06.2021

Uttak av kanin i verneområde

For å betre leveforholda for sjøfugl skal Statsforvaltaren gjere eit uttak av kanin på Flatholmen i Håstein-gruppa i Sola kommune. Uttaket skal gjerast av Statens naturoppsyn.


Publisert 22.04.2021

Melding om oppstart av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

Statsforvaltaren i Rogaland melder med dette om at arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat i Klepp kommune skal starta opp. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt for verneområdet, og har med det ansvaret for arbeidet, jf. § 7 i verneforskrifta. I korte trekk skal det lagast ein plan for korleis verneområdet skal forvaltast.


Publisert 22.04.2021

Styving av ask i Målandsdalen naturreservat

Styving av tre er ein gamal tradisjon vidt utbrett i Noreg, for å utnytte dei fôrresursane tilgjengelege på gardane. Styving er prosessen å sage av greinar på krona og ved gjentekne styvingar får me den velkjente klubbeforma på greiner og stammen for desse trea.


Publisert 07.04.2021

Arbeid med nasjonalparkar i Rogaland stilt i bero grunna lokalpolitisk motstand

Miljødirektoratet har i dag sendt si faglege vurdering av bevaring av verdifull natur - kategori nasjonalpark til Klima- og miljødepartementet. For Rogaland sin del er dei 3 foreslåtte områda vraka grunna manglande lokalpolitisk aksept. Preikestolen, Viglesdalen og Kvitladalen - Bjordalen blir foreslått utgreia vidare om den lokale aksepten aukar. 


Publisert 06.01.2021

Forvaltningsplan for Lundarsøyla naturreservat

Forvaltningsplanen for Lundarsøyla naturreservat er no offentleg publisert.


Publisert 30.11.2020

Fire nye verneområde til Sandnes, Sauda og Suldal kommunar - og Rogaland fylke

Om nokon er i tvil, Rogaland er også eit skogsfylke! Fredag 27.11.2020 vedtok Kongen i Statsråd at fire skogsområde i Rogaland skulle vernast for framtidige generasjonar. Dette er skog med svært høg naturverdi, og representerer ein variasjon av Rogalands skogsmiljø. Hylsskaret naturreservat har eldre furuskog og edellauvskog i Suldal kommune, Øyna naturreservat representerer ei innlandsøy med skog påverka av høg jamn fukt, Vikaneset er ei utviding med edellauvskog i Sandsfjorden i Sauda og Suldal kommunar, medan Skurvedalen i Sandnes kommune er ein urørt skogsdal med eldre blandingsskog på nordsida av Lysefjorden.

Fylkesmannen i Rogaland takkar alle grunneigarar som har bidratt til å ta vare på unike skogsmiljø og biologisk mangfald.


Publisert 02.10.2020

Frivillig skogvern - gode prosesser gir godt resultat

I Rogaland er det ei aukande interesse for vern av skog blant skogeigarar. Årsaka til denne positive utviklinga ligg i den gode prosessen som har kome gjennom frivillig skogvern. Frivillig skogvern er eit samarbeid mellom skognæringa og miljøforvaltinga for å verne om viktig skogsnatur for framtida, på grunneigaranes premissar. Grunneigar tilbyr område til vern mot ei skattefri erstatning for skogsverdiane, medan eigedomsretten, jakt-, fiske- og beiterettar blir hjå grunneigar. Staten tek alle kostnadene ved prosessen, og ordninga er frivillig så grunneigar kan når som helst trekkje seg frå verneprosessen utan kostnad.