Avgrensa høyring av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

Foto: Roy Mangersnes

Ein forvaltningsplan skal sikra ein einskapleg forvalting av verneområdet ved å gje føringar om bruk og brukarinteresser, informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og andre tiltak. Forvaltningsplanen er ei presisering og utdjuping av verneforskrifta, og gjev føringar for dispensasjonspraksis. Forvaltningsplanen definerer også mål for forvaltinga av verneområdet, aktuelle tiltak for skjøtsel og besøksforvaltning mv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2022

Forslag til forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat ligg nå tilgjengeleg på nett, sjå lenker til høgre. Merk at planen er utforma for lesing på nett slik at det grafiske uttrykket kan vere misvisande i papirversjon, og at vedlegg til forvaltningsplanen berre er tilgjengeleg på nettløysinga. 

Statsforvaltaren ber særleg om innspel på fylgjande:

  • Opplysningar om naturverdiar som ikkje er fanga opp i planen.
  • Opplysningar om bruk av området som ikkje er skildra godt nok eller inneheld feil.
  • Synspunkt på eventuelle interessekonfliktar som planforslaget kan/vil føre til. Desse bør skildrast mest mogleg konkret, til dømes kva delområde dette gjeld, og kva for endringar av planen som vil vere mogleg for å løyse eller redusere konflikten.
  • Synspunkt på føreslåtte tiltak.

Høyringa har frist den 31.03.2022.

Innan da kan høyringsinnspel sendast per e-post til sfropost@statsforvalteren.no,

 eller til:

Statsforvaltaren i Rogaland Miljøvernavdelinga

Postboks 59

4001 Stavanger

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.