Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Statsforvaltaren har oppgåver knytt til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Statsforvaltaren er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Statsforvaltaren rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Statsforvaltaren gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Statsforvaltaren skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Vis meir


23.06.2021

Redusert tilskot i dyrevelferdssaker

Mattilsynet er i gang med ein kampanje for å kartlegga dyrevelferda for svin i heile landet. Dersom dei finn svært dårleg dyrevelferd i ei besetning, kan dette føra til redusert utbetaling av produksjonstilskot. 


03.06.2021

Ekstraordinært tilskudd til skogplanting våren 2021

Skogeiere og sentrale aktører i skognæringen kan nå søke om ekstraordinært tilskudd til skogplanting.


28.05.2021

Tilskot til opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa

Situasjonen med Covid-19 og innreiserestriksjonar har gitt grøntnæringa utfordringar med å få tak i arbeidskraft. For å kompensere for noko av kostnadsauken for arbeidskraft med behov for opplæring, er det kome på plass ei refusjonsordning.


29.03.2021

Tilskot til miljøtiltak i skogbruket 2021

Som skogeigar kan du søke tilskot til å gjere miljøtiltak i skogområda dine. Dette inkluderer tiltak for å ivareta nøkkelbiotopar, tilrettelegge for friluftsliv og ivareta kulturminne.


25.02.2021

Telledato og søknadsfrist for produksjonstilskot 2021 nærmar seg!

På telledatoen 1. mars opnar søknadssystemet for å søkje om produksjonstilskot for 2021. Sørg for at du har oppdaterte tal i Husdyrregisteret. Dersom du er usikker kan landbruksavdelinga i kommunen svara på dine spørsmål.


16.02.2021

Denne veka kjem utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot i landbruket

Ifølgje melding frå Landbruksdirektoratet blir det utbetalt om lag 10,3 mrd. kroner til ca. 38 200 jordbruksføretak i Noreg onsdag 17. februar.


04.01.2021

Frist for etterregistrering er 10. januar

Dersom du har søkt om produksjonstilskot i jordbruket eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid i oktober 2020, kan du etterregistrere nokre opplysningar.


20.11.2020

Tal frå søknadane om produksjonstilskot i 2020

Landbruksdirektoratet har publisert ein førebels statistikk over føretak, areal og dyr basert på søknadene om produksjonstilskot i jordbruket for 2020. Tala viser utviklinga i dyretalet for Rogaland for dei ulike produksjonane. Det har vært ein auke i sauebestanden og ammekubestanden siste år, medan tal for mjølkeku og avlspurker har gått ned.


14.10.2020

Hugs søknadsfristen 15. oktober

Søknader om produksjonstilskot og avløysartilskot må leverast innan fristen. Dersom du leverer søknaden etter fristen, blir utbetalinga redusert med 1 000 kroner for kvar dag over fristen. 


01.10.2020

Tid for å søkje produksjonstilskot og avløysartilskot

Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadssystemet opnar for registrering 1. oktober, og vi tilrår at søknaden blir levert i god tid før fristen.