Sau og lam heim frå fjellet

Gjetarhund i aksjon

Haustens berekraftseventyr er i gong, og beitelag har henta, eller hentar no sauene ned frå fjellet. Beitelag i Rogaland har omlag 60 000 sauer på utmarksbeiter. Beitelaga som er registrert i Rogaland kan søke om tilskot til organisert beitebruk. Søknadens fristen er 15. november.

Publisert 13.09.2023

Det er eit politisk mål og sørgje for eit berekraftig landbruk gjennom auka bruk av utmarksbeite. Beitedyr på utmark hindrar gjengroing og bidrar til artsmangfald. Heile 513 arter på lista over trua arter (rødlista 2021) må reknast med at bler negativ påverka av reduksjon eller manglande slått og beite (Artebanken.no).

Det er kostnadskrevjande å ha sau på utmarksbeite. Det er òg mykje arbeid med sanking og ettersanking av dyra på hausten. Felles organisering av dette arbeide gjer det både betre og meir effektivt. 74% av sau som er registrert slept i norsk utmark er organisert i beitelag under ordninga organisert beitebruk - OBB.

Rogaland er det største sauefylke med omlag 190 000 vinterfôra sauer. Tal frå søknad om produksjonstilskot visar at 121 648 av desse vert slept på utmarksbeite i 2022. Berre 37% er registrert i organisert beitebruk. Dette skuldast at bønder i Rogaland har store beiteareal knytt til garden heime.

Organisert beitebruk

Føremålet med ordninga: tilskot til drift av beitelag, er å fremme organisert beitebruk gjennom beitelag for å leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmarka og redusera tap av dyr gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta tiltak i beiteområda. Ordninga er ein av fleire tilskotsordningar i regionalt miljøprogram - RMP. Søknaden gjer beitelaget elektronisk gjennom altinn.no

Rogaland har omlag 50 beitelag som søkjar tilskot til organisert beitebruk. Tilskotet vert rekna ut frå tal slepte dyr på utmarksbeite. Tilskotssatsane blir sett i januar ut frå søknadsomfang og den økonomiske ramma. Dette blir gjort av Statsforvaltaren i samråd med faglaga. Kommunane behandlar søknadar om tilskot, og godkjende søknadar blir utbetalt i mars påfølgande år. I 2022 vart satsen sett til 24 kroner per slepte dyr.

Vilkår for tilskotet

Tilskot til årleg drift av beitelag blir gitt til godkjende beitelag. Beitelaga må vere registrerte i Einingsregisteret. Tilskotet skal gå til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Det er ikkje høve til å fordele tilskotet jamt til medlemane som eit ekstra beitetilskot. Same beitelag kan heller ikkje få tilskot til dei same dyra frå to fylke. 

Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmer og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag er 3 medlemar og 150 småfeeiningar. Laget må organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret.

I tillegg er det følgjande krav til beitelaga:

  • Laget skal ha eigne reglar og eit styre valt av medlemane i laget.
  • Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremje bruk av beiteområda.
  • Laget skal bruke alle tilskot som laget får til å fremje den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak. Laget skal føre rekneskap. Laget kan ikkje overføre tilskot til medlemane utan dokumenterte utlegg eller utgifter knytt til den organiserte beitebruken.
  • Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
  • Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking.
  • Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.