Produksjonstilskot og velferdsordningar i jordbruket
Tid for å søkje produksjonstilskot og avløysartilskot
Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadssystemet opnar for registrering 1. oktober, og vi tilrår at søknaden blir levert i god tid før fristen.
Publisert 18.09.2020
Framleis tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnadar
Det er framleis gode moglegheiter til å få tilskot til heilmekaniserte drifter med høge driftskostnadar og ekstra tilskot til taubanedrifter. Furu- og lauvdrifter med påfølgande treslagsskifte er blant aktuelle og prioriterte tiltak i Rogaland.
Publisert 03.09.2020
Nytilsett i landbruksavdelinga
Janne Breivik er tilsett som ny rådgivar i 100 % stilling på landbruksavdelinga frå 3. august.
Publisert 02.07.2020
Driv du grøntproduksjon og har fått svikt i avlinga?
Då kan du søke på den nye utvida avlingsskadeordninga som tek høgde for manglande arbeidskraft til haustinga på grunn av koronakrisa.
Publisert 01.06.2020
Endring i regelverket for tidlegpensjon
Nå er det ikkje berre ektefellar/sambuarar som kan få «tobrukarpensjon». På gardsbruk der det er to eller fleire som eig og driv i lag, så kan alle eigarane søkje tidlegpensjon.
Publisert 31.03.2020
Over 1,2 milliardar kroner til landbruket i Rogaland
I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2019.
Publisert 25.03.2020
29. mars er siste frist for å endre opplysningar i søknad om produksjonstilskot
Du kan endre opplysningar i innlevert søknad om produksjonstilskot innan 29. mars. Gløymte du søknadsfristen, så kan du fram til 29. mars levere inn søknad. Vær merksam på at søknadar levert etter 15. mars blir redusert med 1000 kr per dag.
Publisert 20.03.2020
Nye retningsliner for praktisering av dispensasjon frå søknadsfristen ved søknad om produksjonstilskot i perioden 2017-2019
Landbruks- og matdepartementet har bestemt at søknadsfristane skal praktiserast meir fleksibelt i perioden frå nytt elektronisk søknadssystem blei teke i bruk i 2017 og fram til ny varslingsteneste kom på plass i 2020.
Publisert 18.03.2020
Tilskot til avløysing ved sjukdom i koronasituasjonen
Landbruksdirektoratet vurderer forløpande om tilskot til avløysing og landbruksvikar må tilpassast koronasituasjonen. Fylkesmannen skal formidle vidare aktuelle spørsmål og problemstillingar, og vil ha kontakt med mellom anna avløysarlaga.
Publisert 09.03.2020
Frå 1. mars kan du søkje om produksjonstilskot
Fristen for å søkje om produksjonstilskot er 15. mars. Søknadssystemet opnar for registrering 1. mars. Vi tilrår at du søkjer i god tid før fristen.
Kontaktpersonar
-
Karen Beate Grimstad
Tlf: 51 56 89 40 -
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85 -
Maja Stanojevic
Tlf: 51 56 89 89 -
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72