Ulovleg lukking av bekk førte til trekk av alt tilskotet

Ulovleg bekkelukking. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Landbruksdirektoratet har stadfesta Statsforvaltaren sitt vedtak i ei klagesak. Eit landbruksføretak i Rogaland må betala tilbake alt areal- og kulturlandskapstilskot for 2021 fordi føretaket la ein bekk på eigendomen i røyr utan løyve. 

Publisert 04.07.2023

Føretaket hadde søkt om løyve til å lukka ein mindre bekk på eigendomen, men fekk avslag frå Statsforvaltaren (dåverande Fylkesmannen i Rogaland). Bekken var ein del av eit verna vassdrag. Om lag eit år seinare oppdaga Statsforvaltaren at føretaket likevel var i ferd med å leggja den aktuelle bekken i røyr. Statsforvaltaren meinte saka var så grov at den blei meld til politiet. 

Statsforvaltaren oppheva kommunen sitt vedtak om tilskot 

Kommunen betalte ut produksjonstilskot til føretaket for 2021, utan å vurdera om den ulovlege bekkelukkinga skulle få konsekvensar for tilskotsutbetalinga. Statsforvaltaren meinte at omsynet til offentlege interesser tilsa at kommunen sitt vedtak kunne opphevast. Det er viktig at samfunnet har tillit til at tilskotsmidlene blir nytta til å støtta drift i tråd med regelverket, og det er viktig å senda eit tydelig signal om at slike handlingar får konsekvensar.

Statsforvaltaren fatta nytt vedtak om tilskot for 2021, og avkorta alt areal- og kulturlandskapstilskotet til føretaket. Heimelen for reaksjonen var forskrift om produksjonstilskot § 11 som seier at tilskot kan avkortast dersom føretaket driv i strid med "anna regelverk for jordbruksdrift", i dette tilfellet forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Saka blei vurdert til å vera ekstra grov sidan føretaket hadde fått avslag på søknad om løyve, og likvel la bekken i røyr.

Klage behandla i Landbruksdirektoratet

Føretaket klaga på Statsforvaltaren sitt vedtak om trekk i alt araeal- og kulturlandskapstilskotet. Landbruksdirektoratet har no behandla ferdig klagesaka, og føretaket fekk ikkje medhald i klaga. Det betyr at Statsforvaltaren sitt vedtak om trekk i tilskotet blir ståande, og føretaket må betala tilbake tilskotet som blei utbetalt for 2021. 

Førelegg frå politiet

Føretaket fekk òg eit førelegg frå politiet for den ulovlege bekkelukkinga. 

Tilbakeføring 

Statsforvaltaren vil vurdera moglegheita for å krevja oppretting av inngrepet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.