Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 15. september til 15. oktober.
Snart tid for å sette av "vipestripe"
Snart er det tid for å sette av ei "stripe for vipe". Over 50 bønder meldte i haust interesse for å vere med på ordninga i Regionalt miljøprogram. Fristen for å jordarbeide er eigentleg 20. mars, men vi må sjå an korleis vêret og forholda blir framover. Fristen kan difor bli utsett.
Publisert 10.02.2021
Tilskotssatsane for regionalt miljøtilskot er landa
God match mellom søknadsomfang og økonomisk ramme gjorde at Statsforvaltaren kunne lande dei førebelse tilskotssatsane som endelege. Med andre ord – ingen overraskingar for søkjarane om regionalt miljøtilskot i 2020.
Publisert 15.09.2020
Tid for å søkje regionalt miljøtilskot i Rogaland
Frå 15. september kan du som er bonde søkje regionalt miljøtilskot, til dømes tilskot til skjøtsel av bratt areal, beite av kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller miljøvennlig gjødselspreiing. Siste frist for å søkje er 15. oktober.
Publisert 04.08.2020
Siste frist for spreiing er 10. august – tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing
Spreiefristen for miljøvenleg gjødselspreiing nærmar seg og framleis er det fleire som ikkje har tatt 2. slåtten på grunn av mykje regn i juli. For å spreie seinare enn 10. august, må jordbruksføretaka ha dispensasjon dersom arealet skal gi grunnlag for regionalt miljøtilskot.
Publisert 25.05.2020
Regionalt miljøtilskot 2020
Rogaland har 41,9 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2020. Midlane går til jordbruksføretak som gjer miljøtiltak på si driftseining og som søker tilskot innan 15. oktober.
Publisert 21.04.2020
Tid for å så pollinatorsoner
Vi håper flest mogleg vil legge til rette for humler og andre pollinerande insekt i sommar. Landbruksføretak kan få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte gode etablerte areal.
Publisert 17.03.2020
Utsett frist for etablering av vipe-striper i Regionalt miljøprogram
Ny frist for tilrettelegging av vipestriper er 25. mars. Dei som får problem med 25. mars kan ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen og få fristen utsett til 1. april. Vipa er i gang med hekkinga, så vi ønskjer tidlegast mogleg jordarbeiding.
Publisert 09.03.2020
Over 50 bønder vil legge til rette for vipa
I haust melde over 50 bønder seg interesserte i å ha ei «vipe-stripe» på sitt areal i 2020. Rogaland sin fylkesfugl er raudlista som sterkt trua, og bøndene sit med nokre av dei viktigaste nøklane for å gi vipa ein trygg hekkesesong.
Publisert 30.01.2020
Endelege tilskotssatsar for regionalt miljøtilskot i 2019
Rogaland sin totalramme på 40,1 mill. kr viste seg å ikkje halde når alle søknadane om regionalt miljøtilskot blei summert opp. Fylkesmannen var difor nøydd til å justere tilskotssatsane for 2019.
Publisert 23.08.2019
Regionalt miljøtilskot – viktig informasjon til søkjarane om kart
Skal du søkje om regionalt miljøtilskot? Då må du teikne alle tiltaka på nytt inn i kartet. I år kan du ikkje hente inn kartdata frå tidlegare søknadar. Vi anbefaler difor alle om å sende søknaden i god tid før søknadsfristen 15. oktober.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Regionalt miljøprogram i Rogaland, RMP 2023-2026 (pdf)
- Rundskriv 2025 - Regionalt miljøprogram (RMP) - Statsforvalteren
- Rundskriv 2025 - Regionalt miljøtilskudd i jordbruket (RMP) - forvaltningsansvar og saksbehandling - Landbruksdirektoratet
- Veiledningshefte RMP 2025
- Skjema for å levere papirsøknad for Regionalt miljøtilskot (RMP) 2025 - Nynorsk
- Skjema for å levere papirsøknad for Regionalt miljøtilskudd (RMP) 2025 - Bokmål
Aktuelt
Statistikk (excel-filer)
Kart
Regionalt miljøprogram på Temakart Rogaland
Nyttig fagstoff