Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 19.02.2013

Auka fokus på bruk av avkorting

Oppføring av feil i søknad om avløysar- og produksjonstilskot kan resultere i avkorting av tilskotet. Som søkjar er det viktig å vere klar over kva slags konsekvensar feilføring kan få. For tilsette i kommunen er det viktig å kjenne til korleis slike feil skal følgjast opp. Denne artikkelen seier meir om dette.


Publisert 14.02.2013

"Land og bruk" nummer 1 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk finn du mellom anna informasjon om tilskot til grøftetiltak, tilskot til klima- og miljøtiltak og meldeplikt etter naturmangfaldlova. Last ned Land og bruk nummer 1 - 2013 (PDF-fil).


Publisert 31.01.2013

Om tilskot til drenering i 2013

I 2013 fekk Rogaland løyvd kr 5,1 millionar øyremerka til grøftetiltak på dyrka jord. Det vil ta tid før forskrifta om ordninga er klar og vedteken nasjonalt. Interessa for ordninga er stor i næringa. Dette gir håp om mykje aktivitet i 2013.


Publisert 25.01.2013

Store endringar i kommunal behandling av mindre vindkraftsaker

Olje- og energidepartementet foreslår fråfall av konsesjonsbehandling for mindre vindkraftanlegg i sitt forslag til endring av energilov med forskrift. Blir forslaget vedteke skal anlegg på inntil to vindmøller, med ein total effekt under 500 kW og ei høgde på i inntil 100 meter, behandlast av kommunane. Fylkesmannen er for endringane, med nokre justeringar, om det kjem klare retningsliner for den kommunale saksbehandlinga.


Publisert 03.01.2013

Plantehelseregelverket og flytting av jord

Mattilsynet har sendt brev til kommuane i Rogaland for å informere om regelverket som gjeld dersom matjord skal flyttast. Målet er å hindre at planteskadegjerarar blir spreidd i samband med flytting av jord.


Publisert 28.06.2012

Ny versjon av gardskart på Internett

Norsk institutt for skog og landskap lanserte ein ny versjon av gardskart på Internett 20. juni. Den nye modulen skal vere meir brukarvenleg, og har fleire nye funksjonar.


Publisert 28.02.2012

Kor går grensa mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale føringar

Fem ordførarar stiller til paneldebatt under Landbrukkonferansen 13.-14. mars. Debatten kjem etter at fylkesordførar Janne Johnsen og fylkesmann Harald Thune har hatt sine innlegg under konferansen.


Publisert 01.02.2012

Ny rettleiar til naturmangfaldlova

Miljøverndepartementet har laga ein rettleiar om korleis omsynet til økosystem, naturtypar, planter og dyr skal vegast mot andre viktige samfunnsinteresser.