Auka fokus på bruk av avkorting

Oppføring av feil i søknad om avløysar- og produksjonstilskot kan resultere i avkorting av tilskotet. Som søkjar er det viktig å vere klar over kva slags konsekvensar feilføring kan få. For tilsette i kommunen er det viktig å kjenne til korleis slike feil skal følgjast opp. Denne artikkelen seier meir om dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.02.2013

Ved innlevering av søknad om produksjonstilskot har søkjaren ansvar for å sikre at tala som blir gitt er korrekte. Feil som kan føre til for høg utbetaling, kan resultere i at tilskotet blir avkorta. Fokuset på bruk av avkorting er auka og Statens landbruksforvaltning (SLF) har no kome med meir rettleiing kring korleis avkorting skal vurderast når det blir oppdaga feil.

Rutinar for avkorting ved feilopplysningar
Når det blir oppdaga feil i søknad om produksjonstilskot som kunne ført til for høg utbetaling av tilskot, skal kommunen vurdere å avkorte i tilskotet. SLF har kome med meir rettleiing kring korleis kommunen skal gå fram i slike tilfelle.

Kort oppsummert er rutinane slik når feil blir oppdaga;

  • Kommunen skal vurdere avkorting i alle tilfelle der det er ført opp feil opplysningar i søknad om produksjonstilskot som kunne ført til urettmessig utbetaling av tilskot.
  • Hovudregelen er at det skal avkortast i slike sakar.
  • Søkjaren må få høve til å uttale seg om saka før det blir gjort vedtak om avkorting i tilskotet. Det er ein god hovudregel at det blir sendt ut førehandsvarsel om avkorting i slike saker.
  • Kommunen må opplyse saka og finne ut kvifor det er ført opp feil i søknaden. Dette er avgjerande for å kunne vurdere kor mykje tilskotet skal avkortast.
  • Samtidig som kommunen godkjenner utbetalingslistene (PT - 5040), må det sendast ut eit eige brev der kommunen grunngir kvifor tilskotet er, eller ikkje er, avkorta. Brev med grunngiving skal sendast ut i alle saker, også saker der kommunen kjem til at tilskotet ikkje skal avkortast.
  • Kommunen skal sende kopi av desse breva til Fylkesmannen.
  • Melding om avkorting må i tillegg sendast inn til Fylkesmannen innan fristen for dette.

Desse rutinane skal bli tekne i bruk av kommunane frå og med søknadsomgangen pr. 01.01.2013.

Vurdering av storleik på avkortinga
Dersom kommunen kjem til at tilskotet skal avkortast, er neste steg å vurdere storleiken på avkortinga. Her er det graden av skuld som er avgjerande. SLF har og kome med rettleiing kring dette.

Det er ingen faste satsar for kor stort avkortingsbeløpet skal vere, men som rettleiing for berekning av avkortingsbeløpet bli dette sett opp som utgangspunkt;

  • Simpel aktløyse – her kan det leggjast til grunn ein standardisert avkortingsnorm. I tilskotet som søkjaren faktisk har rett på, blir det trekt frå eit beløp tilsvarande meirutbetalinga som feilopplysninga i søknaden ville medført.
  • Grov aktløyse/forsett – her ligg norm for avkorting på 60 % til 100 % av tilskotet. Det er graden av skuld hos søkjar som ligg til grunn for vurdering av storleik på avkortinga.
  • Kommunen må alltid vurdere kva som er rimeleg og høveleg i kvart tilfelle.
  • Avkortingsbeløpet kan setjast både høgare og lågare enn det som kjem fram av rettleiinga over. Rettleiinga er ikkje ein maksimumsregel.
  • Avkortingsbeløpet blir trekt frå i det totale produksjonstilskotet som føretaket i utgangspunktet ville hatt rett på.

Meir om avkorting
I samband med auka fokus på bruk av avkorting, hadde SLF eit innlegg om bruk av avkorting på førre tilskotssamling for kommunane. Plansjane frå samlinga ligg her.

For meir informasjon kring avkorting, sjå aktuelle regelverk og rundskriv på SLF sine nettsider. Mellom anna kan vi nemne rundskriv 37/12, 23/12, 22/12 og 01/03.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.