Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 16.01.2017

Kompetanseplan for kommunal landbruksforvaltning 2017

Her er oversikt over kurs, møte og fagdagar der målgruppa er landbruksforvaltninga i kommunane.


Publisert 01.09.2016

Kompetanseplan for landbruksforvaltninga hausten 2016

Her finn du oversikt over planlagde møte, kurs og seminar der tilsette i kommunal landbruksforvaltning er målgruppa.


Publisert 04.08.2016

Seminar: Nye innbyggjarar gir verdiskaping og nye moglegheiter

28. september inviterer Distriktssenteret og IMDi til eit nasjonalt seminar om inkludering av innvandrarar i arbeidsliv og samfunn. Arrangementet er retta mot ordførarar, rådmenn, kommunale leiarar og fagpersonar som jobbar med feltet.


Publisert 14.04.2016

Tilskot til drenering av planert areal

Tilskot til drenering har vore avgrensa til tidlegare drenert fulldyrka jord. Frå 1.1.2016 er forskrifta endra til òg å omfatte alt planert areal uavhengig av om dette har vore drenert eller ikkje.


Publisert 12.02.2016

Jordvern og utbygging i matfylket Rogaland

Stortinget har i nasjonal jordvernstrtegi stramma inn det nasjonale jordvernmålet, frå maks 6000 dekar årleg nedbygging av dyrka jord til 4000 dekar. Landbrukskonferansen 2016 ser nærare på korleis dette kan gjennomførast i Rogaland.


Publisert 08.02.2016

Landbrukskonferansen 2016

Hovudtittelen på konferansen er "Landbruk - varig næring og nye moglegheiter". Stikkord for konferansen er bioøkonomi, jordvern og utbygging i Matfylket Rogaland og det grøne skiftet.


Publisert 29.12.2015

Seminar om overvaking av vatn

Korleis skal kommunane gå fram for å halde oppsyn med vasskvaliteten i deira vassdrag? Rogaland fylkeskommune inviterer til seminar om overvaking av vassdrag, 9. februar på Scandic Stavanger city i Stavanger.  


Publisert 11.12.2015

Nytt Land og bruk

Går landbruket i Rogaland som det suser? I siste Land og bruk kan du lese landbruksdirektøren sine tankar om temaet. Her kan du også lese om kor mykje "dekk og diesel- landbruket" kostar bonden, og om det går mot Noregs største landbrukskommune på Jæren?


Publisert 22.09.2015

"Land og bruk" nummer 3 - 2015

Fylkesmannen er ute med eit nytt nummer av "Land og bruk". Her kan du mellom anna lese om nytt klimaskogprosjekt, omdisponering av matjord i Rogaland og krav til gjødslingsplan på gardsbruk med ekstensiv drift. 


Publisert 09.07.2015

Tilskot til dyr på beite - krav til beitetid

Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.