Nye næringar på garden


Publisert 12.03.2019

Invitasjon; MAD-konferansen

Forbrukarane vil ha meir lokalprodusert mat. På konferansen 29. april på Moi vil du få lære meir om kundefokus og salskanalar.  


Publisert 25.02.2019

Målet for 2019 er auke i bygging av fjøs med 15-30 mjølkekyr!

Vi har nå sendt oppdragsbrev om strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar i landbruket til Innovasjon Norge Rogaland. Rogaland er tildelt 47 millionar kroner. Også i 2019 er det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet.


Publisert 31.01.2019

Lokalmat frå Lund i startgropa

Snautt 30 personar skapte god stemning og gode diskusjonar då dei var samla til matmøte på Moi. Dannar dei eit nettverk kan dei bli meir slagkraftige, og det vil sette Lund skikkeleg på matkartet.


Publisert 29.01.2019

Økologiske juletre er in

Det siste nye innan utstyr og teknikkar i juletreproduksjon vil bli vist fram under Norsk Juletremesse som startar i slutten av februar.


Publisert 29.01.2019

Inspirasjonssamling - jordbær i tunnel

Dyrking av jordbær under tak i plasttunnelar gir full kontroll med vêr og vind, lengre sesong og jamnare kvalitet, og smaken er minst like god. Er du interessert, så er dette møtet noko for deg.


Publisert 23.01.2019

Bli med og skap meir lokalmat frå Rogaland!

Fagdagar for lokalmat "MATSMIÅ 2019" går av stabelen 13.-14. mars, og vi har gleda av å tilby eit spennande og rikhaldig kursprogram.


Publisert 22.01.2019

Verdiskaping, samarbeid og nye marknader er tema for fagturen til Berlin

Fjord-regionen har lagt opp til ein felles tur for mat- og reiselivsbedrifter. Ei gruppe på 54 personar frå heile Vestlandet deltek, og av desse er det 13 personar frå Rogaland.


Publisert 18.01.2019

Store moglegheiter på små gardsbruk

Om drivkrafta er import eller ei, så er tida inne for at fleire bønder bør foredle lokale råvarer og ta ut meirverdien på eigen gard. I ein serie med møte rundt om i fylket vil bonde Stein Brubæk fortelje om sitt småbruk som gir arbeidsplass for to.


Publisert 09.01.2019

Bli betre til å fortelje historia bak ditt produkt og din gard

Sett av to helger i februar for å lære korleis du kan nytte historiefortelling til å gjere garden og omgivnadene meir attraktive.


Publisert 20.12.2018

Kva retning går landbruket i Rogaland?

Kanskje ligg svaret i Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU)! Programmet blei endeleg behandla i landbrukspartnarskapet den 11. desember og blir nå send til Landbruks- og Matdepartementet til orientering. Dette blir eit viktig strategisk dokument for vidare utvikling av landbruket i Rogaland.