Pelsdyrbonde – når det røyner på

Bondenæringa og kommunar på Jæren har laga ein informasjonsbrosjyre om kor pelsdyrbønder kan søke hjelp når behovet melder seg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2019

13. juni 2019 vedtok Stortinget å avvikle pelsdyrnæringa. For mange pelsdyrbønder kan påkjenninga etter vedtaket vere stor, og ein kan ha bekymringar knytt til mellom anna helse, dyrevelferd og økonomi.

– Her har kommunane på Jæren teke eit særleg ansvar for ei gruppe som lever i ei veldig krevjande tid. Vi er alle menneske, og når det røyner på er det godt å vite at ein ikkje står aleine, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.

Brosjyren er laga av Rogaland pelsdyralslag, Norsk landbruksrådgiving, Rogaland bondelag, Klepp kommune, Time kommune og Hå kommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.