Landbruk og mat
Nytt om Landbruk og mat
09.03.2020Koronaviruset: Her held du deg oppdatert
Råd og informasjon finn du på Folkehelseinstituttets nettsider og på helsenorge.no.
Her finn du lenker, informasjon, kontaktar hos oss – og korona- og vaksinasjonskart for Rogaland.
Temamøte om biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy
Rogaland Biogassnettverk inviterer til digitalt temamøte om biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy – Kva må til? 29. april kl 12 – 14.
13.04.2021
Webinar om korleis kommunane kan bidra til klimavenleg landbruk
Nyleg arrangerte Miljødirektoratet webinar for kommunane om korleis dei kan bidra til eit meir klimavenleg landbruk. Her kan du mellom anna høyre om satsinga på klimasmart landbruk i Viken og prosjektet Karbon i jord i Trøndelag. Webinaret var inspirerande og vi oppfordrar kommunalt tilsette med klimaoppgåver til å sjå opptaket.
13.04.2021
Inn på tunet – fra godkjenning til marked
Har du planer om å begynne med Inn på tunet? Bli med på kurs som går over fire kvelder!
13.04.2021
Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2021?
Har du gode forslag kan du senda dei til Statsforvaltaren før 23. april. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
09.04.2021
NIBIO presenterer konsekvensar av nytt gjødselregelverk
NIBIO har nyleg vurdert konsekvensane av ei eventuell innstramming av gjødselregelverket. Torsdag 22. april presenterer dei rapporten som ligg bak. Presentasjonen blir open for alle interesserte i Rogaland, men krev påmelding.
09.04.2021
Webinar om flisfyrte gardsvarmeanlegg
Er du nysgjerrig på å nytte bioenergi til varmeproduksjon på garden din? Då kan dette webinaret vere noko for deg.
08.04.2021
Konferanse - omstilling og vekst for Rogalandslandbruket
Kva ambisjonar har styrande makter og politikarane for matfylket Rogaland, og er det eigentleg vilje til å få til ei berekraftig omstilling?
07.04.2021
Arbeid med nasjonalparkar i Rogaland stilt i bero grunna lokalpolitisk motstand
Miljødirektoratet har i dag sendt si faglege vurdering av bevaring av verdifull natur - kategori nasjonalpark til Klima- og miljødepartementet. For Rogaland sin del er dei 3 foreslåtte områda vraka grunna manglande lokalpolitisk aksept. Preikestolen, Viglesdalen og Kvitladalen - Bjordalen blir foreslått utgreia vidare om den lokale aksepten aukar.
07.04.2021
Kartlegging av natur i Rogaland 2021
I mai vil Miljødirektoratet starte kartlegging av naturtypar for utvalde område i Rogaland. Biologar frå Ecofact Sørvest vil dekke i alt 219 kvadratkilometer i utvalde område, medan Miljøfagleg Utredning og Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter AS vil kartlegge innanfor utvalde verneområde.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel
Lenkjer
Dokument
Landbruk og mat i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.