Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 15.08.2017 av Administrator

Kva skal skolen gjere for å sikre elevar eit trygt og godt skolemiljø

Frå 1. august gjeld nye reglar for elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. Les om kva det nye regelverket betyr og korleis elevar kan melde frå til Fylkesmannen.


Publisert 07.08.2017

Hjertesone - trygg skoleveg ved skolestart

Hjertesone handlar om å få flest mogleg til å gå og sykle trygt til skolen, og skape eit bilfritt miljø rundt skolen. Målet er sikre skolevegar, betre helse og miljø. 

 


Publisert 03.08.2017

Organisering av elevane - rettleiar

Det er utarbeida ein rettleiar som både omtalar forsking og erfaring knytt til organisering av elevane, og som gjev ein del nyttige avklaringar av regelverket for å gje skolen eit godt grunnlag for å utøva fagleg skjønn.


Publisert 24.07.2017

Skal vere symjedyktige etter 4. klasse

Å vere symjedyktig betyr at elevane skal falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, dykke ned og hente ein gjenstand på botnen, kvile i tre minutt medan dei flyt i vatnet og avslutte med å symje 100 meter på rygg før dei tek seg opp på land.


Publisert 07.06.2017

Bruk av robot i opplæringa

Bruk av robot i klasserommet kan vere til stor nytte for elevar som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan vere på skolen. Opplæringslova og personopplysningslova vil gjelde ved bruk av robot i skolen.


Publisert 26.04.2017

Tilsyn med rettleiing gir endring

Fylkesmennene gjennomfører tilsyn med offentlege skoleeigarar, skolar og med kommunane på barnehageområdet. Både kommunar og skoleeeigarar er tilfredse med Fylkesmannen sitt tilsyn og særleg med rettleiinga i samband med tilsynet.


Publisert 27.03.2017

Lærelyst - tidleg innsats og kvalitet i skolen

Regjeringa har lagt fram ei ny melding til Stortinget. Meldinga har fokus på tidleg innsats, lærelyst og kvalitet i skolen.


Publisert 04.10.2016

Alle elevar skal ha det godt på skolen

Mange elevar har det godt på skolen. Skolemiljøet fremjar både helsa, trivselen og læringa deira. Dei møter venner på skolen og utviklar seg positivt både fagleg og sosialt. Dessverre er det ikkje slik for alle. Nokre elevar får vondt i magen berre ved tanken på skolen. Dei blir inneslutta og redde og klarer ikkje å konsentrere seg om det dei skal lære. Dei har kanskje berre nokre få som dei stolar på. Nokre har ingen. Kva kan vi gjere?


Publisert 14.04.2016

Grense for fråvær i vidaregåande skolar

Frå 1. august 2016 er det ei grense for fråvær i vidaregåande skolar. Føremålet er å motivere elevane til jamn innsats, og å forhindre skulk.


Publisert 24.02.2016

Beredskap i skolen

Det har i den seinare tid vore mediemerksemd om beredskap for alvorlege hendingar i skole og barnehage. Utdanningsdirektoratet har saman med Politiet laga ein rettleiar om korleis ein kan planlegge for beredskap i skolar og barnehagar.