Ein trygg skuledag utan mobbing

Oppdatert 23.11.2021

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenking. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det.

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Viss skulen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.


PS. Du kan alltid kontakte oss som jobbar hjå Statsforvaltaren viss du lurer på noko. 

Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal hele tiden jobbe for å få et best mulig skolemiljø og at skolen skal oppleves som trygg og god for elevene. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle voksne som jobber på skolen skal følge med på at elevene har det bra og gripe inn mot mobbing og annen krenking. De skal også varsle rektor hvis de får mistanke og kjennskap til at en elev ikke har det trygt og godt.

Dette står i opplæringsloven  kapittel 9A.