Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Landbruk og mat

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltaren skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Statsforvaltaren rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Statsforvaltaren støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er:

Vis meir


27.01.2021

Tilskot til kommunal veterinærteneste

Kommunar og veterinærvaktdistrikt i Vestland kan søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning innan 1. mars 2021. Rapport og bruk av tilskot i 2020 skal leverast innan same frist


22.01.2021

Vi startar verneprosess for Kudalen naturreservat i Stad

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Kudalen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 16. februar 2021. 


06.01.2021

Webinar om frivillig skogvern

Er frivillig skogvern noko å streve etter? Det er viktig for det biologiske mangfaldet, og kan vere lønsamt for skogeigaren om skogen ikkje skal hoggast. Vi tek opp ulike sider ved temaet på webinar 28. januar.


23.12.2020

God jul frå Fylkesmannen i Vestland

Jula 2020 vert annleis på mange måtar, men tradisjonane er dei same. Fylkesmannen i Vestland ønskjer alle ei god jul med råd om eit friskt tre, berekraftig gåvepapir og velsmakande mat. 


17.12.2020

Fjørfe må haldast innandørs

Det er funne høgpatogen (svært smittsam) fugleinfluensa hos viltlevande fugl i Rogaland og i Vestland. Sjukdommen er svært smittsam mellom fuglar. Smitte frå villfugl til fjørfe kan få alvorlege konsekvenser for fjørfenæringa. Det er ikkje fare for smitte til menneske.


01.12.2020

Tilskot til klimatiltak i landbruket

Landbruksnæringa har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Det finst fleire tilskotsordningar for klimatiltak på garden.


01.12.2020

Webinar: Klimasmarte kommunar har klimasmarte planar

Kommunane er sentrale aktørar i det grøne skiftet og i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. I dette webinaret vil vi ha særleg fokus på korleis kommunar implementerer byggeaktivitet i sine planar.


30.11.2020

Webinar - autorisasjonsordninga for plantevern- og gnagarmiddel

Fylkesmannen i Vestland og kommunane har ansvar for eksamensordninga og at det blir gjennomført kurs i autorisasjonsordninga. I Vestland fylke er det NLR Vest og VGS-skulane for naturbruk/landbruk som gjennomfører kurs.


20.11.2020

Matbyen Bergen med vestlandsk ost til Italia

Bergen deltek med fagleg innlegg og tre vestlandske ostar når UNESCO matbyen Bergamo held sin årlege ostefestival Forme Creative 2020 20.-22. november. I år er festivalen tilrettelagd for fjerndeltaking. Ver med i dag kl 14:30!


13.11.2020

Partnerskapen inviterer kommunen

Korleis kan kommunane og dei regionale aktørane jobbe saman om næringsutvikling i landbruket?


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel