Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert 23.02.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.10.2022

Dei sosiale tenestene i Nav er ikkje tilgjengeleg nok

Tilgjengelegheita til dei sosiale tenestene var tema for ei landsomfattande undersøking i 2020-2021. Helsetilsynet har oppsummert funna og rår til at kommunane, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet set i verk tiltak.


Publisert 17.10.2022, Sist endra 24.10.2022

Barnefamiliar som treng hjelp frå Nav kan oppleve svikt i tenestene

Helsetilsynet gjennomførte i 2020-2021 ei risikovurdering av sosiale tenester i Nav. Formålet var å finne område der det er risiko for at brukarar og familiane deira kan oppleve svikt i tenestene.


Publisert 27.09.2022

Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familien deira, har Stortinget vedtatt nye reglar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Det er utarbeidd ein rettleiar til desse reglane.


Publisert 26.08.2022

Når prisauken veltar privatøkonomien

Renteauke og høge prisar på mellom anna straum, mat og andre daglegvarer har ført til at mange slit med økonomien. Nav kan ofte hjelpe når økonomien kollapsar.


Publisert 02.08.2022, Sist endra 16.09.2022

Nav skal samarbeide med barnekoordinatoren

Frå 1. august 2022 er sosialtenestelova paragraf 13 utvida med ein regel om at det er barnekoordinatoren som skal syte for samordning av tenestetilbodet for barnefamiliar som både får sosialhjelp og helse- og omsorgstenester.


Publisert 13.07.2022

Informasjonsbrev om tolkelova

Offentlege tenesteytarar har plikt til å bruke tolk ved språkbarrierar. God kommunikasjon er ein føresetnad for at det offentlege skal lukkast med å yte gode og forsvarlege tenester til heile samfunnet.


Publisert 30.06.2022, Sist endra 07.07.2022

Nye satsar i statens retningsliner for sosialhjelp

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane frå 1. juli 2022 i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i revidert nasjonalbudsjett for 2022.


Publisert 23.06.2022

Tolkingsbrev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet

Direktoratet har tolka sosialtenestelova når det gjeld sosialhjelp til reiseutgifter for barn på familiegjenforeining, sosiallån til depositum og sosialhjelp til familiemedlemmar av EØS-borgarar. Dei har også avklart at Nav ikkje kan be ein sosialhjelpssøkjar om å ta ut pengar frå kredittlånskonto.


Publisert 07.06.2022, Sist endra 12.05.2023

Fire tolkingsbrev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet

Direktoratet har tolka sosialtenestelova når det gjeld sosialhjelp til bil, britiske borgarar, personar utan lovleg opphald og depositum for husleige.


Publisert 20.04.2022

Utbetaling av sosialstønad treng ikkje følgje kalendermånaden

Sosialtenestelova har ikkje reglar om kor lang periode sosialstønad skal gjelde for, men til vanleg kan det vere føremålstenleg å utbetale slik stønad for ein månad om gangen.