Ny rettleiar om økonomisk sosialhjelp

Formålet er å hjelpe Nav-kontora til å utøve skjønn og gjere nødvendige konkrete og individuelle vurderingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.01.2023

Arbeids- og inkluderingsdepartementet ga Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein rettleiar for økonomisk sosialhjelp med utgangspunkt i dagens situasjon med stadig auke i levekostnadane.

Tilrådingane i rettleiaren ligg innanfor dagens regelverk og er i tråd med alminneleg vurdering av kva som er forsvarleg praksis på området. Rettleiaren skal vise det store handlingsrommet sosialtenestelova gir kommunane.

Rettleiaren har fire delar:

  • Informasjon og tilgjengelege tenester.
  • Kartlegging av behova til den enkelte, med særleg merksemd på barn og unge.
  • Vurdering og avgjerd.
  • Oppfølging gjennom tenesta opplysning, råd og rettleiing.

Du kan lese sjølve rettleiaren via nav.no.

Ut over det som kjem fram av rettleiaren, gir rundskrivet til sosialtenestelova, Hovednr. 35, meir utfyllande rettleiing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.